Oppretthald valfridomen for vidaregåande skuleelevar på Voss

Voss Venstre håpar fylkestinget vedtek å oppretthalda valfridomen for dei vidaregåande skuleelevane på Voss, og Torstein Gunnarson og Knut Olav Nestås har i dag eit lesarinnlegg i avisa “Hordaland”. Lesarinnlegget er brevet som Voss Venstre 9. des. sende Venstre si fylkestinggruppe, gruppeleiarane i Voss, gruppeleiarar borgarlege fylkestinggrupper og nabovenstrelaga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Først: Me er svært glade for at Musikk DD . blir oppretthalde — det skulle forresten berre mangla – og elles at skuletilbodet tar sikte på robuste skular og fagleg sterke læremiljø med eit breitt fagtilbod, slik det er føresett at regionsentra skal ha.

Men det kom som ei stor overrasking at Medium og kommuniksjon (MK) vart føreslått nedlagt! Den korte tida frå administrasjonen sitt framlegg til politisk behandling gjer det umogeleg med vanleg forsvarleg høyringsrunde.

Skole

Foto: Priv

Så langt me skjønar, gjev også saksutgreiinga ufullstendig eller misvisande informasjon her. Det heiter nemleg her (s 10) : Som ei følgje av dette vil fylkesrådmannen tilrå at MK vert lagt ned i staden for MDD. MK har truleg ikkje den same overordna betydning i regionen som MDD. Med ei slik løysing vil skolen kunne dimensjonerast for 2 fulle parallellar på ST og skolen vil eventuelt kunne opprette Medie- og informasjonskunnskap som programfagtilbod på ST om interessa for faget er stort nok.

Men Medie- og informasjonskunnskap ER eit programfag ved Voss gymnas alt i dag. Sjå: http://vossgymnas.no/Studiespes. – dvs. er ikkje noko nytt fagtilbod.

Fotoapparat, kamera

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Studietilbodet MK har gjeve valfridom til dei elevane som ikkje finn seg til rette i eit reint allmennfagleg eller i eit reint yrkesfagleg miljø (f. eks ved yrkesskulen). Og lærarane i dei kreative faga både på Voss gymnas og Voss husflidsskule har sett fram til dei synergieffektane eit framtidig samarbeid kunne ha gitt.

Voss Venstre vil derfor be fylkespolitikarane vurdera framlegget om nedlegging av MK på nytt.

Som kompromissforslag kan ein reduksjon i tal elevplassar på MK vera klart å føretrekkja framfor ei rein nedlegging.

Event bør vedtaket på dette punkt utsetjast til behandlinga av studietilbodet i fylket elles, dvs. i mars.

Voss Gymnas

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

Mvh.

Knut Olav Nestås, leiar Voss Venstre,

Torstein Gunnarson, gruppeleiar Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**