Helsepolitikk sentralt i valkampen?

Det var i alle fall påstanden frå eit par av innleiarane i møtet Kristeleg folkeparti, Venstre og Høgre hadde på Voss 28. jan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Gode innleiarar – og svararar på spørsmål – var stortingsrepresentant Laila Dåvøy frå KrF, stortingskandidat og nestleiar i styret for Helse Bergen Sigurd Hille, H, og Erlend Horn frå V, medlem av komite for helse og sosial i Bergen.

Erlend Horn

Foto: Hildegunn Holtet

Innleiarane var rimeleg einige om at mykje fungerer bra i helsevesenet og innan sjukehusa. Men dei var svært samde om dei lange ventelistene for rusavhengige var heilt utilfredsstillande! Litt ulike meiningar registrerte vi om korleis organiseringa av sjukehus kunne forbetrast etter ein borgarleg valsiger til hausten. Men eit statleg sjukehusdirektorat ville ingen ha!

Eit par av tilhøyrarane fortalde om ikkje særleg kjekke opplevingar på sjukehus. Andre tok opp problemet ved at ein pasient ikkje alltid kan få ein samla diagnose på ein stad og dag, og at byråkratiet hadde vokse uforsvarleg i høve til lege- og sjukepleiargruppa. Utløyst av spørsmål frå salen kom det sjølvsagt fram ulike syn mellom V og KrF i skjenkepolitikken.

Erlend Horn fekk elles ros for klar tale! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**