Brev til Stortingsgruppa

Formannskapsmedlem, Eskil Nerheim, skreiv denne veka eit brev til Venstres to representantar på Stortinget, leiar Trine Skei Grande og Borghild Tenden. Brevet tek opp utfordringane me har på Rv13, og det var klar melding ut!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Eskil Nerheim og Trine

Foto: Rogaland Venstre

Du kan lese brevet her:
Kjære Borghild og Trine!

Eg vil med dette berre koma med eit lite innlegg i høve Nasjonal Transportplan som skal behandlast til våren.
Riksveg 13 er ein riksveg som går mellom Sandnes i Rogaland og Vik i Sogn og Fjordane. Denne vegen er rekna som innlandsstamvegen på den sørlege delen av Vestlandet. Vegen virkar som transportåre til og frå vesentlege aust/vest-korridorar som Europaveg 134 (Haukelifjell) og Riksveg 7 (Hardangervidda), i tillegg til å vera knytt opp mot Europaveg 39 mellom Stavanger og Kristiansand.
Riksveg 13 er i tillegg ein viktig turistveg, store delar av vegen er no Nasjonal Turistveg, på Vestlandet.
OG: Fyrst og fremst er Rv13 den vegen som folket i Ryfylke skal ferdast på i sine daglege gjeremål.

Fleire stader er riksvegen utbetra med rassikring og tunnelar, men det gjenstår nokre rasutsette og vanskelege plassar plasser. I Suldal kommune køyrer kvar dag skuleelevar og arbeidsfolk forbi to særs farlege delar av riksveg 13. Dette er strekninga Erfjord til Sand og strekninga Suldalsosen til Røldal. Eg vil ikkje forklara så mykje om omfanget av rasfaren på desse strekningane, men nøyer meg med å leggja ved nokre FÅ linkar til nyhetsoppslag om ras dei siste åra. Eg vil at de då særleg tenkjer på dei elevane som me sender forbi desse plassane kvar dag.

Suldal kommune prøvar alt me kan å få fortgang i rassikringa langs riksveg 13. I godt samarbeid med Statens Vegvesen driv me no planlegging og prosjektering med tanke på å få reguleringsplanar klare for dei verste strekningane, slik at det kan setjast i verk tiltak NÅR løyvingane i Nasjonal Transportplan kjem. Og det må dei. Den gode kjensla av å få ein tryggare veg må ikkje gå på bekostning av den bitre kjensla av at liv måtte gå tapt før løyvingane kom.

Vonar de tek dykk tid til å sjå litt på dette. Altså kort oppsummert: Rassikringsmidlar til Riksveg 13 i Suldal kommune. Strekningane Erfjord-Sand og Suldalsosen-Røldal.

Mvh Eskil Nerheim, formannskapsmedlem for Venstre i Suldal kommune

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**