Nei til oljesøl i matfatet

Ingen tener på at debatten om Lofoten og Vesterålen dukkar opp igjen annankvart år. No har Venstre lagt frat forslag i Stortinget som vil sikre varig vern for nokre av våre viktigaste naturressursar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Havn i Lofoten

Foto: Willy Vendeville | Dreamstime.com

Sveinung Rotevatn (V), stortingskandidat.

Lofoten, Vesterålen og Senja er perler i det norske kystlandskapet. Ikkje berre er dei nokre av verdas flottaste naturområde, dei rommar i tillegg dei største bestandane av torsk og sild i verda og er viktige gyteområde for firde av dei ti største fiskebestandane i verda. Om vinteren kjem lundefugl og havørn for å hekke, og hundrevis av spekkhoggarar dreg seg inn i fjordane for å kalve. Havressursane har vore grunnlaget for busetnad og arbeidsplassar i desse områda i tusenar av år, og utgjer framleis den viktigaste berebjelken for næringslivet i regionen. Det skuldast ikkje minst den veldige auken i turisttilstrøyming dei siste åra, av menneske frå inn- og utland som vil oppleve alt som våre vakre kystområde har å by på.

Risikerer alt

Alt dette set vi i spel dersom vi opnar for oljeleiting i desse sårbare områda. Produksjon og transport av olje til havs vil alltid føre med seg risiko for utslepp. Sokkelen utanfor kysten er så smal at oljeverksemda vil måtte foregå svært nærme land, noko som gjer at det vil kunne ta under eit døgn for oljesølet å nå land dersom eit utslepp skulle oppstå. Seinast i 2007 gjekk 4000 tonn råolje ut i havet frå Statfjord A-plattformen i Nordsjøen under vêrtilhøve som gjorde at oljelenser ikkje kunne brukast. Lofoten og Vesterålen står ikkje tilbake for Nordsjøen når det kjem til vêrtilhøve, og det avgrensa dagslyset om vinteren bidreg berre til å auke risikoen når uhellet først er ute. Då vil konsekvensane kunne bli katastrofale for naturen og dei fornybare næringane i området.

Endå meir meiningslaust vert det når vi veit at dette er olje vi faktisk ikkje treng. Investeringane på norsk sokkel er allereie rekordhøge. Vi drillar etter olje så reimer og tøy knapt held saman. Då vert det etter mitt syn absurd å prioritere seismikkskyting og oljeleiting i våre vakraste naturlandskap, mest sårbare havområde og viktigaste matfat. Difor har Venstre no foreslått i Stortinget at det skal innførast varig vern mot petroleumsaktivitet utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Må nå klimamåla

Sveinung Rotevatn

Foto: Silje England

Debatten om oljeleiting handlar ikkje berre om vern og drilling. Den handlar også om kva vi skal leve av i framtida. Altfor ofte handlar klimadebatten berre om kva vi skal kutte, og korleis vi skal få råd til ulike klimatiltak. Altfor ofte ender vi opp med å kjøpe oss fri gjennom tiltak på den den andre sida av jorda. Men god klimapolitikk kan også vere god næringspolitikk. Då kan vi ikkje lenger gjere oss avhengige av at verda vil ha olje til evig tid. I staden må vi satse på ny teknologi, og bli leiande på nye område.

Vi treng ein nærings- og distriktspolitikk som satsar på fornybare naturressursar, eit levande reiseliv og kunnskapsbaserte arbeidsplassar. Då må vi også makte å løfte blikket forbi oljealderen. Ikkje fordi vi er i ferd med å gå tomme for olje, men fordi jamnt aukande petroleumsverksemd ikkje heng saman med dei klimamåla vi i fellesskap har satt oss. Det er desse klimamåla som gjer at vi stadig forsøker å få på plass ambisiøse internasjonale klimaavtalar. Den dagen vi lukkast, vil fossil energi bli både meir kostbart og mindre attraktivt.

Vi skal framleis ha ei oljenæring i Noreg, og den skal vi gjere til verdas minst miljøfiendtlege. Men først og fremst må energinasjonen Noreg stå klar med produkta og tenestene det nye, klimavenlege næringslivet treng. Det krev ein næringspolitikk som er konsekvent oppteken av dei små, nyskapande og framtidsretta bedriftene, og som ser på klimaet som ein næringsveg heller enn næringsfiende.

Venstre avgjer

Omsynet til naturressursane er viktigare enn kortsiktige økonomiske interesser. Det har vore Venstres tankegong sidan Gunnar Knudsens konsesjonslover for snart hundre år sidan. Men for eit liberalt parti handlar ikkje vern av naturen først og fremst om å bevare det beståande. Det handlar om ein ny visjon for norsk næringsliv. Om ein økonomi som ikkje er basert på fossile brennstoff som øydelegg fridomen til framtidige generasjonar, men ein økonomi basert på kunnskap, kreativitet og fornybare ressursar.

Vi treng ikkje oljen i Lofoten, Vesterålen og Senja. Vi treng ikkje seismikkskytinga som skremmer vekk fisken frå gyteområda. Og vi treng i alle fall ikkje oljetransporten med sin daglege risiko mot dei flotte kystområda våre.

Det vi treng er politikarar som maktar å tenkje nytt om nærings- og distriktsutvikling i Noreg. Vi treng eit varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja. Og vi treng eit stort Venstre i ei moderne og miljøvenleg blågrøn regjering. Det er det vi går til val på. Og det er den beste garantien du kan få.

Dette innlegget stod på trykk i Firda Tidend, onsdag 13. feburar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**