Venstre ynskjer krafttak for jernbanen

Bergensbanen, stamvegane, grøn skatt og reduksjon i arbeidsgjevaravgifta, var noko av det som var på dagsorden for Hordaland Venstre på fylkesårsmøtet på Voss i helga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

– Fylkespartiet går samstemd og optimistisk til den ventande valkampen, sa partiet sin fyrstekandidat, Terje Breivik, til avisa “Hordaland. Breivik nemnte elles særskilt at han ville jobba for utbetring av Bergensbanen, og utbetring av stamvegane i fylket, dvs. både E 39 og E 16. – Her i vest ventar me i spenning på resultata av det felles konseptvalsarbeidet for stamvegen Voss – Bergen og Vossebanen. Dobbelspor Voss – Bergen, litt avhengig av traséval, kan gje reisetider ned mot 30-40 minutt, sa Breivik som peika på Bergensbanen som “vårt InterCity”.

I tillegg samla Hordaland Venstre seg bak ei fråsegn om grøn skatt, etter innspel frå Voss Venstre og Knut Olav Nestås. I dette tilfellet gjennom at ein senkar arbeidsgjevaravgifta – for å gjera det meir lønsamt å skapa arbeidsplassar. På sundag støtta Hordaland Venstre også dette som eit programtillegg, og kampen for gjennomslag går då vidare til landsmøtet i april, der Nestås vart vald som ein av representantane frå Hordaland.

Les heile oppslaget i avisa “Hordaland” for tysdag 12. februar.

Knut Olav Røssland Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**