Gjennomslag for reform av arbeidsgjevaravgifta

I “Hordaland” for 19. februar kan du lesa om Voss Venstre sitt gjennomslag for reduksjon i arbeidsgjevaravgifta på årsmøtet til Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Me ynskjer ei lågare arbeidsgjevaravgift med mindre variasjonar mellom kommunane, seier Knut Olav Nestås, leiar i Voss Venstre og forslagsstillar i morgondagens “Hordaland”.

Voss: Nestås

Foto: Stine Hernes

– Redusert arbeidsgjevaravgift er eit verkemiddel som alt vert nytta nokre stader i landet for å skapa fleire arbeidsplassar. Me vil at dette prinsippet skal gjelda over heile landet. For småbedrifter kan arbeidsgjevaravgifta vera det som hindrar ei nytilsetjing, seier Nestås, som sjølv jobbar som trafikklærar i ei småbedrift og som dagleg leiar i ei lita kursbedrift.

Partiet sin fyrstekandidat i Hordaland, Terje Breivik frå Ulvik, støttar framlegget. — Dette er ein del av vår heilskaplege skattereform. Me ynskjer mindre skatt på arbeid og investeringar og meir avgifter på ureining. På denne måten tek me næringslivet inn i ein grøn og berekraftig økonomi.

Terje Breivik

Foto: Jan Kløvstad

No går kampen vidare til landsmøtet i april, der stortingsvalprogrammet skal vedtakast. — Me har sjølvsagt tru på vossagjennomslag i Venstre, seier Breivik.

Les saka i avisa «Hordaland» for tysdag 19. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**