Når viktige prinsipp blir rota bort i gratis lunsj

Mange har hissa seg opp over at bystyregruppa i Venstre i Arendal har protestert på gratis lunsj, ein lunsj som kostar berre 50 kr pr bystyremedlem pr møte. Formannskapet har vedtatt at vi fortsatt skal få gratis lunsj. Da er den delen av saka avjort.
Men hovudpoenget vårt

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


ser det ikkje ut til at verken media eller ordføraren har fått med seg. I bystyret i fjor ville Venstre spare pengar, rundt ein halv million og kanskje meir enn det, ved å stramme inn litt også for oss sjølve som folkevalte.

Arendal har enorme økonomiske utfordringar og bystyret måtte vedta innstrammingar i tenestene våre både overfor skoleelevar (sjå for eksempel dei mange avisinnlegga og reportasjane om Asdal skole), pasientane på sjukeheimar og tilskot til viktige delar av kulturlivet som gjer det veldig interessant å bu i Arendal, både for barn, vaksne og eldre.

Vi i Venstre gjentok forslaget vårt om at også folkevalte må bidra og foreslo å redusere vårt eige honorar. Vi får nå rundt 70 000 kr i året for å vere bystyremedlemer, og i tillegg tapt arbeidsforteneste. Men forslaget vårt blei stemt ned. Venstre viste til at både regjeringa i Storbritannia og frankrike har gjort det vi har foreslått, – å redusere eigne goder. Ingen andre folkevalte i Agderkommunane får så godt betalt som oss i Arendal. Vi ligg høgt, høgt over alle andre.

I debatten i bystyret var eit viktig argument at vi ikkje kan endre slike vilkår midt i eit budsjettår.
Men så fekk vi plutseleg gratis lunsj, utan vedtak og utan saksbehandling! Vi kan altså forbetre våre eigne vilkår midt i eit budsjettår, men ikkje gi frå oss goder.

At alle argumenta mot oss etterpå har handla om desse småsummane for lunsj er ei avsporing. Det viktige for oss er at vi skal vere rause mot andre, og heller vere meir sparsommelege overfor oss sjølve.

Ei samanlikning mellom dei økonomiske vilkåra for folkevalte i Arendal og alle andre kommunar i Aust-Agder vil vise at vi utmerka godt kan tåle litt moderasjon i Arendal bystyre.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Jan Kløvstad
bystyremedlem

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**