Eit menneske er ikkje forsøpling

Fattigdom og nød er hovudgrunnen til at vi har tiggarar også i Arendal og dei andre Sørlandsbyane. Hadde dei hatt eit verdig liv heime, hadde vi sett få tiggarar her hos oss. Også tiggarar er menneske, og vi skal behandle dei som menneske. Agderposten skriv på leiarplass 1. mars at “Med tiggere nesten på hvert gatehjørne i Arendal sentrum . gis et bilde av forfall og forsøpling”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Vi må nok tåle å bli minna om nød og fattigdom, vi som er så heldige å vere født inn i verdas rikaste samfunn i den største rikdommen verda noen gong har opplevd. Dei fleste av oss sit på denne grønnaste greinen i verdshistoria heilt utan eiga forteneste og innsats. Og så får kvar enkelt av oss bestemme korleis vi behandlar også medmenneske i nød.
Vi skal sjølvsagt stille same krav til oppførsel til tiggarar som til andre, og ikkje tolerere kriminell atferd.
Å kalle menneske i nød for forsøpling er ikkje eit bidrag til respekt for menneskeverd.

Jan Kløvstad, bystyremedlem for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**