Kvinner for styrka kvinnehelse-tilbod

Venstrekvinner er sterkt uroa over Helse Vest sin prioritering av heimlar med avtalespesialistar. Den arroganse og distanse som fagdirektør og Helse Vest gjev ved fjerning av eit avtale spesialist helsetilbod i Åsane innen gynekologi er urovekkande!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Samhandlingreforma vart sett i verk for mindre enn eit år sidan og kommunane har
fått eit større ansvar for innbyggaren sin helse. Målet med Samhandlingreformen er å FØREBYGGE MEIR, BEHANDLE TIDLEGARE OG SAMHANDLE BETRE!

Heimelen i Åsane stod ledig etter den dyktige Dr.Tandes bortgang. Helse Vest vurderte då, på eiga hand, utan samhandling eller dialog med regionen, kva som var best bruk av stillinga vidare!
Det vil seie at Helse Vest RHT ikkje oppfyller innhald i st. melding 47, der det står at skal ein sterkare kommunal innsats ha høve til å lukkast med Samhandlingreformen, slik at det gjev betre effektar for pasient og samfunnsøkonomi, forutsetter det eit nært samarbeid mellom kommunar og tilknytte helseføretak!!

Kommunane i regionen er i gang med eit forprosjekt på helsehus og tar ansvar, ved å samarbeide kommunar imellom for å sjå på betre og utvida helsetenester for sine innbyggare.
Signalet som ei omgjering av avtalespesialistheimel gjev- er ikkje positivt med tanke på kva ein treng av tilbod i dag, som fungerar særs godt og førebyggar i stor grad.
Pasientar og brukar skal jo få tidlegare og god hjelp når dei treng det, nærast mogleg der dei bur. Dei skal få rett behandling til rett tid og på rett stad, gjennom eit heilhetleg og koordinert helse og omsorgstenestetilbod. Desse tenester skal ha ei god kvalitet, ha høg pasienttryggleik, låg ventetid og vera mest mogleg tilpassa den enkelte brukar!

Fagdirektør skriv i uttale frå Helse Vest at det er lang reiseavstand for utkantkommunar og at dei må forsøke å redusere dei verkeleg lange reiseavstand og at dei vil sikre at avtale -spesialistane er lokalisert der flest kan nå dei. Dette viser at avstanden mellom Helse føretaka og kommunane i praksis er stor, og at Samhandlingreformen ikkje er noko Helseføretaket tek omsyn til. Kva med våre eldre som skal til spesialistar i dag, med lang reisetid, og som veldig ofte må sitje i drosje som har mange passasjerar og stogg, som igjen gjev ekstra ventetid og ein lang dag?
Kva med ventetida som oppstår ved færre gynekologi tilbod, der avstand til næraste Gynekolog vert lengre? Vil dei unnlate å møte opp, når ventetida er lang, kva ubehag har dei i mellomtida? Får sjukdom utvikle seg?
Kva med dei kvinner som vegrar seg for å gå til gynekolog frå før og som hadde "nærheit" til tilbodet i Åsane og fordi det var lokalisert nettopp der, nært Nordhordland og Gulen.
Kva signal sender det kvinner og andre, om eit for mange tabubelagt område og viktig del av kvinnehelse?

Venstre er oppteken av mennesket i sentrum og ikkje system! Denne handlinga frå Helse Vest visar at systema kjem først, ikkje enkeltmennesket!

Helse Vest må sjølvsagt prioritera mange viktige fagområde innan kreft, det ser me innan kommunehelsetenesta i våre kommunar og. Men den prioriteringa dei no har gjort vil ikkje styrke kvinners helse i vår region- det kan me ikkje akseptera!

Venstre vil oppfordre Helse Vest til å ta Kvinnehelse og Samhandlingreformen på alvor!

Helse

Foto: allekvinner.no

Tove Kristin Sleire Tistel
Masfjorden Venstre

Liv Ulvøy
Austrheim Venstre

Vivian Våge
Gulen Venstre

Aashild Halland og Solveig Johnsen
Lindås Venstre

Birthe Frotaule og Bjørg Murberg
Radøy Venstre

Beate Eknes
Meland Venstre

Gyda Tveiten Lewis og Magnhild Helene Tysse
Osterøy Venstre

Åsta Årøen
2.kand.stortingsvalet
Hordaland Venstre
Leiar Norges Venstrekvinnelag

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**