Venstre har politikk for heile Hordaland

På landsmøtet som vart avvikla i helga som var, vedtok Venstre mykje politikk som vil ha positive ringverknader for heile Hordaland. Frå våre strok møtte førstekandidat i Hordaland, Terje Breivik frå Ulvik; Ingebjørg Winjum, ordførar i Granvin, samt vossakandidat og leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

jernbane

Foto: Jan Kløvstad

– Me vedtok mange tiltak i valprogrammet som vil bety mykje for Voss og indre Hardanger, seier Terje Breivik. Ikkje minst at Ringeriksbanen vart ein del av InterCity-utbygginga. På den måten kan me verkeleg få redusert reisetida mellom Oslo og Bergen, seier Breivik, som også er nestleiar i Venstre. Breivik er som kjent svært oppteken av Bergensbanen, Ringeriksbanen og regional utvikling i indre strok av Hordaland, så vel som i Bergen. Terje Breivik peiker også på vedtaket om ny kyststamveg(E 39) som ei viktig sak for Vestlandet og Hordaland.

– Eit anna viktig område er næringspolitikk, seier Knut Olav Nestås, leiar i Voss Venstre og landsmøtedelegat frå Hordaland. – Noreg treng ei storsatsing på verdiskaping og nyskaping for å sikra velferda. Det krev mange nye bedrifter, og ei betre tilrettelegging for innovasjon i det etablerte næringslivet, seier næringspolitikaren frå Voss.

Næringsutvikling

Foto: nn

Breivik og Nestås kjem med forenkling og mindre byråkrati, sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande, målretta skatte- og avgiftspolitikk, og ikkje minst betre tilgang på risikovillig kapital, som sentrale stikkord frå Venstre sitt nye program. – Alt dette vil vera svært viktig for bedrifter som satsar i vår region, påpeiker Breivik og Nestås.

Den nye ledertrioen i Venstre: Terje Breivik, Trine Skei Grande og Ola Elvestuen.

Foto: Helene Skulstad

Sjå også sak i avisa “Hordaland” for tysdag 16. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**