E18 og pengar, noe som ikkje stemmer

“- Da transportetatene la inn sitt forslag for strekningen Arendal — Tvedestrand i fjor, var det på 300 millioner kroner i første planperiode. Nå har regjeringen kuttet det til 150 millioner, sier Dannevig”, i Fædrelandsvennen laurdag. Knut Dannevig er ko-ordinator for det felles arbeidet heile landsdelen vår driv for best mogleg gjennomslag i Nasjonal Transportplan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I Agderposten og Tvedestrandsposten hevdar stortingsrepresentant Freddy de Ruiter, Arbeidarpartiet, at fagetatane hadde stroke heile den venta summen på 300 millionar kroner til planlegging, men at han hadde oppdaga det og kjempa summen inn igjen. Utan innsatsen hans ville det ikkje blitt pengar til ny E18 i denne planperioden, seier han.

Forslag til ny E18 Tvedestrand-Arendal

Foto: Statens Vegvesen

Eg får ikkje dette til å stemme. I forslaget til Nasjonal Transportplan frå transportetatane (lagt fram i 2012) hadde Statens vegvesen lagt inn E18 Arendal – Tvedestrand med 3.7 mrd i den såkalla +45%-ramma. Desse pengane var fordelte med kr 300 mill stat og 400 mill bompengar i første planperiode (2014-17) og 2.3 mrd stat og 700 mill bompengar i andre periode (2018-23). Statens vegvesen, Arendal og Tvedestrand kommunar, begge fylkeskommunane og Fylkesmannens folk arbeidde svært godt med planprosessen og Statens Vegvesen har lenge stadfesta at dei kunne starte bygging i 2015. Vegaksjonen og Sørlandets Samferdselsløft har derfor lobba tungt for å få noen av pengane flytta frå siste til første planperiode nettopp for å kunne starte i 2015 og bygge veien raskt og effektivt på 3 år med ferdig veg i 2018.

E18 Bjornesvegen bremsespor 2

Foto: Jan Kløvstad

Eg har hatt gleden av å vere aktivt med i det lokale og regionale planleggingsarbeidet i etter kvart ganske mange år. Eg synest det verkar veldig merkeleg at Statens Vegvesen skal ha tatt ut strekninga av planen etter at transportetatane saman hadde lagt fram forslaget sitt. Eg trur det rett og slett ikkje før noen eventuelt kan vise meg det svart på kvitt med originalunderskrift og stempel frå vegdirektøren.
Det som kan ha skjedd er at de Ruiters eigne partifeller og Senterpartileiinga i Samferdselsdepartementet har kutta alle pengar til E18 Tvedestrand-Arendal i første del av planperioden. Og så kan departementet etter kontakt med Stortinget har lagt inn igjen halvparten. Eg trur fagetatane er "uskuldige" i dette.
Uansett er det svært skuffande at regjeringa har redusert løyvingane i første planperiode sett i lys av at den samla sett har lagt seg på ei planramme på 49% vekst. Like skuffande er det at den viktige samankoplinga mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen ikkje er prioritert. Det er godt det kjem gul stripe i Setesdal. Det unner eg alle som bur langs riksveg 9, og vi som køyrer på vegen. Men også her har regjeringa redusert pengane i første planperiode med 70 mill og flytta den summen til den noe meir usikre andre planperiode.

E18 kjem, sjølv om det går seint. Ein trygg E18 med midtdeler vil både gjere livet tryggare og vil gi eit løft for levekåra aust i Aust-Agder. Ny veg vil gi stor innflytting til Tvedestrand på linje med den positive veksten særleg Arendal og Lillesand har fått som følge av ny E18 mellom Grimstad og Kristiansand.

Jan Kløvstad
Bystyremedlem for Venstre i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**