Venstre ynskjer fokus på regional utvikling

I førre kommunestyremøte vedtok kommunestyret på Voss å søka eigarskap i Business Region Bergen(BRB). Medlem i utval for næringsutvikling- og tiltaksarbeid for Venstre, Knut Olav Nestås, er positiv til avtalen. — Me lyt dyrka dei regionale utviklingsaktørane me har. Det som er bra for Voss, lyt òg vera bra for dei rundt oss, seier Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Voss: Nestås

Foto: Stine Hernes

Business Region Bergens arbeidar med regional næringsutvikling, etablererteneste, profilering og marknadsføring. Selskapet skal også ha eit aktivt forhold til nettverksorganisasjonar innan utvalde næringssegment i regionen.

Tidlegare er det først og fremst kystkommunar som har vore inne som eigarar i BRB — Det er minst like viktig å tenkja regional utvikling i indre strok, som ved kysten, seier Knut Olav Nestås, og grunngjev påstanden med m. a. Telemarksforsking sine forskingsrapportar, som syner til at regionar veks eller stagnerer som ei eining, ikkje berre som einskilde kommunar i ein region.

Hardanger

Foto: stock.xchng

— Voss, som jo tek sikte på å vera eit regionsenter i indre Hordaland, lyt vera motoren for indre strok når det kjem til regional utvikling. Det som er bra for Voss, lyt òg oppfattast som bra for Ulvik og Granvin. Først då kan me snakka om regional utvikling, og først då kan me legitimera rolla vår som regionsenter.

– Me er òg heilt avhengige av eit tett samarbeid med Bergen og omegn, om me skal vera ein del av løsyinga knytt til den enorme veksten Bergensregionen opplever. Bergensregionen sin vekst er ein del av løysinga på Voss sitt ynskje om auke i folketalet, og ikkje eit problem for indre strok. Indre strok må stå klar til å ta imot nye innbyggarar etter kvart som Bergensregionen opplever manglande areal og ytterlegare press i bustadmarknaden, seier Venstre-politikaren som sit i kommunestyret og utval for næringsutvikling- og tiltaksarbeid.

Nestås presiserer òg kor viktig det er med eit vidare arbeid med meir bustadbygging i eigen kommune. – Skal me få fleire innbyggarar, treng me fleire bustader og ein meir variert bustadmarknad. Det held ikkje med berre sokkelleilegheiter til leige og einebustader til 3-5 millionar. Dei fleste nyetablerar vil aldri makta ei slik investering utan eigenkapital frå før eller utleigemoglegheiter i huset dei kjøper, poengterer Nestås.

Nestås fekk eit fleirtal i kommunestyret med seg på også å løyva pengane frå kommunestyret sin reservepost, for å skjerma andre postar for løyvinga, samt å senda saka til drøfting i utval for næringsutvikling- og tiltaksarbeid. — Om Voss Kommune skal ha noko att for å kjøpa seg inn i BRB, er det avgjerande at det vert politisk handsaming av dette snøgt, til det beste for bedrifter og innbyggarar, poengterer Nestås.

venstrelogo

Foto: venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**