Satsar på bedriftene og morgondagens arbeidsplassar

Venstre-leiar på Voss, Knut Olav Nestås, etterspør konkrete tiltak for å stimulera eksisterande næringsliv, samt tilrettelegging for innovasjon og gründerar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Dei siste åra har det vore stor aktivitet på Voss. Også innan næringsutviklinga har det skjedd ei utvikling, f. eks. gjennom ein ny næringshage som er under etablering og at Voss snart vert ein del av Business Region Bergen. — For eit liberalt parti som Venstre, er knapt noko viktigare enn å leggja til rette for at folk skal ha fridom til å ta sjølvstendige val, og å skapa sin eigen arbeidsplass er heilt sentralt i så måte, seier Nestås og held fram:
— Venstre meiner det i den anledning er eit behov for å gjennomgå næringspolitikken grundig, seier Nestås, og peiker mellom anna på ei rekkje tiltak som ikkje er gjennomført i strategisk næringsplan, samstundes som han lovar å setja trykk på ein del saker i utval for nærings- og tiltaksarbeid i sitt vidare arbeid.

Sparegris

Foto: Microsoft Clipart

— Det seiest, mellom anna, at det er vanskeleg å få gjort noko med det faktum at Voss Kommune har ein høg arbeidsgjevaravgiftssats, men korleis veit me det når me ikkje har prøvd å kontakta skattevesenet eingong, spør Nestås. Voss har som kjend ein høgare arbeidsgjevaravgiftssats enn nabokommunane, samt andre kommunar i Hordaland som Voss kan samanlikna seg med utifrå størrelse, f. eks. Kvinnherad.

— Når utgangspunktet er at me ikkje får det til, så er eg trygg på at det ikkje går. Men viss det er utgangspunktet for å driva med lokalpolitikk, bør folk gå i seg sjølve og vurdera om dei skal bruka fritida på noko anna, påpeiker Nestås. – Tenk om kvar ein gründer og kvar ei bedrift skulle tenkja slik; ikkje hadde det blitt verdiskaping og ikkje hadde det blitt nyskaping, konstaterer Venstre-leiaren.

— Kva grep skal vossasamfunnet gjera for å tiltrekkja seg dei nye bedriftene og dei nye arbeidsplassane, spør Nestås, som òg framhevar konkrete tiltak som tilgang på næringsareal og tomter, faste kontaktpersonar i administrasjonen for bedrifter i ein etableringsfase, ein reduksjon i byråkratiet og utgreiing av ulike stipendordningar for gründerar som saker Venstre vil kjempa for vidare.

Grunder

Foto: Microsoft

Nestås seier òg at han set si lit til at ei ny borgarleg regjering frå hausten av vil setja fokus på reduksjon i byråkratiet for næringslivet. — Venstre har m. a. hatt framlegg om å etablera eit regelråd med mandat til å senda i retur forslag dei meiner blir unødvendig ekstraarbeid for næringslivet. Svenskane har svært gode erfaringar med ei liknande ordning, presiserer Voss Venstre sin næringspolitikar.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

Les meir om førstekandidat for Venstre i Hordaland i komande stortingsvalkamp, Terje Breivik, sitt innspel om eit eventuelt regelråd i Bergen her
— Samstundes lyt både kommunen og staten operera med ein føreseieleg skatte- og avgiftspolitikk, avsluttar Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**