– Dramatisk Firda-kutt

— Firda har mista seks klassar og sit att med tolv. Det er dramatisk om Medium og kommunikasjon blir vekke, eg er uroa for at vi har fått ein mindre robust skule, seier Venstre-politikar og tidlegare Firda-rektor Ragnar Eimhjellen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Av Aadne Gloppestad, 31.05.13

Ragnar Eimhjellen

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

-Eg vil bruke dei kanalane eg har og kjempe det eg kan for å få medium- og kommunikasjonsfaget inn att på Firda, i alle fall i ein overgangsperiode, seier tidlegare Firda-rektor og Venstre-politikar Ragnar Eimhjellen.
Om fylkestinget vedtek den løysinga som det no synest å vere semje om, medfører dette at Firda vidaregåande skule mister både Medium og kommunikasjon og Helse- og oppvekstfag. Dermed blir seks av dei 18 klassane som i dag er ved skulen tekne vekk. Dette får Ragnar Eimhjellen til å reagere.

— Å ta vekk Medium og kommunikasjon vil svekke både musikk, dans, drama og idrett. Firda blir mykje meir sårbar, vi har ikkje lenger så mykje å slå i bordet med. Ein veit aldri kva som vil skje ved neste korsveg, seier Eimhjellen og legg ikkje skjul på at han mislikar situasjonen.

Han skjøner lite av at fylkespolitikarane ønskjer å flytte Medium og kommunikasjon til Førde, og vil ikkje gje opp kampen for å behalde tilbodet på Firda.

— Når ein ser på den dokumenterte kvaliteten, kan eg ikkje forstå at dei vil ta vekk lina og byggje henne opp frå grunnen ein annan stad. Vi veit der kjem endringar i medium- og kommunikasjonsfaget om eit par år, då synest eg det blir meiningslaust å gjere dramatiske strukturelle endringar no. Endringar må uansett gjerast på nytt om to år, då må ein ta ein ny diskusjon, seier Eimhjellen.

Nettsak: http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=8529

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**