Musikklivet fortener betre enn dette!

Det skulle blitt ein festdag i bystyret 30. mai, men blei ein gedigen skuffelse for musikklivet — og for Venstre. Det såg så lovande ut.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ei framtidsretta og god saksutgreiing frå rådmannen peika på at “En etablering av et nytt produksjons- og øvingslokale for musikk i Dauholla — et musikkens hus — vil ivareta de behov som kulturskolens musikkavdeling har, kulturskolens administrasjon og lærere vil få gode arbeidsforhold og det frivillige musikkliv (kor, korps, band, orkestre) vil endelig få tilgang til tilrettelagte lokaler mht. til akustikk, volum og areal tilpasset ulike musikkuttrykk. Et slikt lokale vil også kunne være av interesse for fylkeskommunens produksjon av konserter til barnehager, skoler og omsorgssentra.”
Eit samla musikkliv heia på oss og såg endeleg ei framtidsretta løysing med gode lokaler for øving, produksjon og undervisning. Her kunne vi skape gode forhold både for rockeband, kulturskoleundervisning, kor, kammermusikkgrupper, korps og orkester. Og vi kunne få musikklivet bort frå helseskadelege lokaler med støy og støv.

Å gi tomteverdien som innskot i eit byggeprosjekt i Dauholla ville gi 800 sårt tiltrengte kvadratmeter musikklokaler, med akustikk som ikkje skader verken unge eller vaksne musikarar. Eit slikt nybygg ville kunne gi solid støtte frå statlege tilskotsordningar, bankar, private fond og stiftelser. Og i tillegg ville Blackbox-lokaler i botnen av nybygg i skyggen av andre bygg vere ein svært klok måte å bruke lokaler utan utsikt på.

Venstre er stolte av musikklivet i Arendal. Men i bystyret blei vi ståande aleine, heilt aleine. Eg har sjeldan vore så skuffa som da berre Venstres tre representantar reiste seg for å større musikklivets rettmessige krav. Alle dei andre partia stemte for nye rundar med planlegging. Venstre vil presse på for at denne planlegginga går raskt, og at lokala i Dauholla som fleirtalet nå ikkje stemte for likevel skal vere med i det vidare arbeidet. Musikklivet fortener det!

For bystyregruppa i Arendal Venstre
Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**