Det er stygt å peike (på andre)

Senterpartiet i Gloppen er ikkje nøgd med Venstre sin innsats for Medium og kommunikasjon. Det er Peder Lofnes Hauge (V), som ber Senterpartiet rydde opp i eigne rekker før dei peikar på andre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Eg er langt på veg samd i at Gloppen-samfunnet no må legge denne runda med skulebruksplan bak seg, sjå framover, og ruste seg for framtida. Likevel kjem ein ikkje unna at dette er politikk, og med ein skulebruksplan som ingen synest å vere særleg nøgde med er det naturleg at fleire føler behov for å plassere ansvar. Det må ein gjerne gjere, men då må det plasserast på rett stad.

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

Ein må gjerne fokusere på at Venstre og Høgre kom (for) seint, men godt i spørsmålet om Medium og Kommunikasjon ved Firda Vgs. Onsdag spekulerte Firda Tidend i sin leiarartikkel om det heile var valtaktisk – og at Venstre trygt kunne røyste for MK, då det ikkje ville få fleirtal uansett. I kommunestyremøtet måndag gav representantar for Senterpartiet i Gloppen uttrykk for det same. Problem med dette er at det ikkje stemmer. Og ei vidareføring av ei slik tankerekke bør inkludere KrF og Trude Brosvik, sjølv om dei rett nok kom med framlegg om vidareføring av MK eit møte før det avsluttande fylkestingsmøtet.

Om Senterpartiet føler behov for å peike, lyt dei peike på seg sjølv. Eg vel å tru at KrF sitt ynskje om MK ved Firda vgs. var oppriktig, og ikkje valtaktisk. Eg veit at det same gjeld Høgre og Venstre. Realitetane er at vi i samtlege parti har vore gjennom ein tøff og vanskeleg prosess, og fylkestingsgruppene har teke mange, til dels motstridane, omsyn. Gloppen sine lokallag i KrF, H, og Venstre vann fram med sitt syn i sine respektive fylkestingsgrupper. Det er meir enn ein kan seie om Senterpartiet, Arbeidarpartiet, og SV.

Og løpet var ikkje meir køyrt i det avsluttande møtet i Fylkestinget enn at Senterpartiet kunne sikra MK ved Firda, om dei hadde ynskt det. Senterpartiet er på ingen måte ein politisk garanti for Gloppen kommune si framtid.

Alfred Bjørlo LM2012

Foto: Helene Z Skulstad

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (Sp) kritisierte måndag Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) for ikkje å ha arbeidd godt nok for MK ved Firda. Å vere både ordførar og fykestingsrepresentant samstundes er ei vanskeleg rollekonflikt. Ein skal både arbeide for sin eigen kommune, men likevel finne fram til samlande, og heilskaplege løysingar for fylket. Begge ordførarane røysta for MK ved Firda, men berre ein av dei fekk med seg resten av gruppa si.

Han bur på Eid.

Lesarinnlegget er sendt til Firda Tidend, og kjem vonleg på trykk fredag 21.juni

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**