Nynorsken treng eit sterkt Venstre

Sidemålsopplæring i skulen er eit av fleire dømer som syner skilnaden mellom ei blågrøn og ei mørkleblå regjering. Nynorsken treng eit sterkt Venstre, seier førstekandidat Sveinung Rotevatn i dette lesarinnlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Foto: privat

Kunnskapsdepartementet vedtok førre veke ny læreplan for norskfaget. Det var heilt naudsynt. Venstre registrerer med glede at Kristin Halvorsen snudde, og sikra ein læreplan som styrkar sidemålet — og såleis også nynorsken — sin plass i norskfaget. Venstre er garantisten for nynorsken sine kår i ei blågrøn regjering etter haustens val.

Heilt sidan jamstellingsvedtaket i 1885 har Venstre stått på nynorsken si side. Vi har måtte tole angrep frå både venstre- og høgresida, men har stadig kjempa for språkleg mangfald og fridom. Til hausten går vi igjen til val på å styrke nynorsken sin posisjon i både norskfaget og i samfunnet.

Der Arbeidarpartiet ikkje nemner sidemålsordninga med eit einaste ord i sitt program, og Høgre og FrP går til val på valfritt sidemål, er ei stemme til Venstre ei viktig stemme for nynorsken. Høgre vil sågar fjerne retten til å kommunisere med staten på eigen målform.

For Venstre er staten til for borgarane — ikkje omvendt. 97,3 % av elevane i Sogn og Fjordane har nynorsk som hovudmål. Vel 600 000 menneske i Noreg skriv nynorsk. Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, men likefullt eit stort språk i verda. For at vi som skriv og er glade i nynorsk skal få bruke språket vårt er det avgjerande at elevar i norsk skule får god opplæring og blir vurderte i både nynorsk og bokmål.

Språkleg mangfald har ein verdi i seg sjølv, for einskildmennesket, og for samfunnet. Studiar har vist at opplæring i både nynorsk og bokmål aukar den totale språkkompetansen — og den generelle skulefaglege utviklinga. Kanskje er dette ein av årsakene til at elevane i Sogn og Fjordane gjer det så godt på skulen? Det er eit stort paradoks at parti som set personleg fridom og kunnskap i skulen høgt vel å sjå vekk frå dette.

Sidemålsopplæring i skulen er eit av fleire dømer som syner skilnaden på ei blågrøn og ei mørkeblå regjering. Ei mørkleblå regjering med berre Høgre og Framstegspartiet vil vere ein trugsel for sidemålsopplæringa. Ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre vil styrkje ho.

Venstre vil framleis gje elevane opplæring og vurdering i både nynorsk og bokmål. Vi vil la elevane få opplæring i sidemålet på eit tidlegare klassetrinn enn i dag, og vi vil la dei møte nynorske tekstar i alle fag. Slik vil vi styrke nynorsk som bruksspråk. Då treng vi styrke frå veljarane.

Språkåret 2013 er eit godt høve til å gje oss den styrken.

Sveinung Rotevatn
Førstekandidat til Stortinget
Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**