Prinsesse «vil ikkje»-politikk frå Høgre

Venstre er skuffa over Høgre sin nye språkpolitikk. Seinast presisert i avisa «Hordaland» den 25. juli av stortingskandidat Ove Trellevik. Når parti som kallar seg «kunnskapsparti» gjer endringar som vil ha ringverknader for alle elevar i Noregs land, bør dei fleste rekna med at avgjersla er kunnskapsbasert. Dessverre minner vedtaket til Høgre meir om populisme og prinsesse «vil ikkje»-politikk enn noko anna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


NTNU presenterte i 2012 forskingsresultat som syner at dei som meistra både nynorsk og bokmål, oppfatta språk raskare og gjorde færre feil enn andre elevar. Ein kan òg sjå interessante internasjonale koplingar knytt til språkreduksjonspolitikken Unge Høgre har tala ivrig for lenge: I Finland krev Unge Høgre sine nære ideologiske vener i Svensk Ungdom meir obligatorisk språkopplæring. Niklas Mannfolk frå Svensk Ungdom seier det slik: – Ju fler språk man lär sig, desto lättare är det att lära sig ytterligare språk. Den same fornufta rår ikkje hjå liberalkonservativ norsk ungdom. Tydelegvis rår den ikkje blant dei vaksne i Høgre heller, dessverre.

Svaret på vanskelege tema i skulen er ikkje å unngå dei, men å ta dei på alvor. To målformer er ein rikdom som kan gje norsk ungdom fortrinn, ikkje ei avgrensing. I staden for å svekka sidemålsundervisninga, lyt ho styrkast. Lærarstudentar lyt få betre opplæring, båe målformer bør i større grad nyttast i andre fag enn norsk, og elevane lyt få starta med sidemålsundervisning så tidleg som mogleg.

Skolefrukt

Foto: © Monika Adamczyk | Dreamstime.com

Språkpopulistane har vunne i Høgre. Ap har ikkje klargjort kva dei vil med sidemålsundervisninga i neste stortingsperiode. Når dei andre anten tåkelegg debatten eller forenklar den, er det viktig for ein aktiv språkpolitikk at Noreg får ei ny blågrøn regjering med eit sterkt Venstre.

Terje Breivik, 1. kandidat for Venstre i Hordaland

Knut Olav Nestås, 12. kandidat for Venstre i Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**