Paneldebatt med Sveinung

Tysdag 21. august vart det arrangert paneldebatt i Askvoll. Sveinung Rotevatn var i panelet for Venstre, og han viste tilhøyrarane kvifor han fortener ein plass på Stortinget. Sveinung er dyktig, og talar eit tydeleg og enkelt språk som alle forstår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn på besøk i Askvoll

Foto: Sfj Venstre

Paneldebatten i Askvoll hadde som tema: Kommuneøkonomi, samferdsle, regjering, skule og helse og omsorg. Stortingskandidat Rotevatn fekk fram Venstre sin politikk på områda og var den i panelet som hausta mest applaus.

Askvoll Venstre stilte med mange i salen, og hadde i tillegg fått medlemmer i valkamputvalet i fylket på besøk også.

I forkant av paneldebatten var Sveinung på besøk på omsorgssenteret i Askvoll.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**