Røyst Terje inn på Stortinget

Her kan du lesa lesarinnlegget som leiarane i Venstre-laga frå Ulvik, Granvin og Voss skreiv i avisa “Hordaland” 27. august 2013. I innlegget uttrykte dei sin fulle støtte til Terje Breivik som stortingskandidat for Hordaland Venstre, og presiserte i tillegg at han er einaste reelle talsperson frå Voss og Hardanger som kan koma på Stortinget. Les meir om kvifor det er viktig å røysta på Venstre og Terje Breivik her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Terje Breivik frå Ulvik er den einaste kandidaten frå Hardanger og Voss med reell sjanse til stortingsplass.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Voss og Hardanger treng ein sterk talsperson på tinget for å fremja saker som er viktige for vårt område. Utbygging av Bergensbanen, ikkje minst Vossabanen, utbetring av E16, utflytting av statlege arbeidsplassar er gode døme.
Terje Breivik vil vera ein god talsmann i høve til sentrale næringar for vårt område som landbruk og reiseliv.

Terje og Venstre har eit stort engasjement for eit nyskapande næringsliv. Det må verta lettare å skapa arbeidsplassar i nye og eksisterande bedrifter. Venstre vil mellom anna oppretta ei ordning med regionalt investeringsfond på 200 millionar kroner for personar og bedrifter med idear og planar for å utvikla næring. Saman med Voss Næringshage kan dette gje heilt nye føresetnader for grunderar og innovasjon i regionen.

Knut Olav Nestås, leiar i Voss Venstre

Håkon Gjerde, leiar i Ulvik Venstre

Ingebjørg Winjum, leiar i Granvin Venstre

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**