Ynskjer regjering utan Frp

– Borgarleg fleirtal tyder dei fleste målingar på at me får. Men i den samanhengen er det stor skilnad på ei myrkeblå regjering og ei blågrøn. Eg ser for meg at Høgre, saman med KrF og Venstre, dannar mindretalsregjering og søkjer samarbeid frå sak til sak, seier Terje Breivik til Avisa Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Eg ser ikkje heilt for meg korleis Venstre og Frp kan sitja i same regjering. Sjølv meiner eg òg at mindretalsregjeringar er kraftig undervurdert generelt, seier Terje Breivik.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Ikkje mange dagar att til valet no, og Terje Breivik vedgår at det røyner litt på.

– Eit unaturleg liv dette. Tidleg opp og seint i kveld kvar einaste dag. Og heile tida lyt ein vera skjerpa og oppdatert. Takka meg til ei 5-mil på klabbeføre …

– Men samstundes er det fantastisk spennande dagar. Og eg har jo bede om dette sjølv, seier Venstre sin toppmann i Hordaland – med eit ettertenksamt smilefjes.

Meir demokrati

– Men noko regjering saman med Frp trur du ikkje på?

– Kan ikkje utelukka nokon ting her og no. Men usannsynleg er det i alle fall. Fyrst skal det likevel forhandlast, om valresultatet tilseier det. Men med så ulike program som Venstre og Frp har, er det vanskeleg å sjå for seg at me to kan finna fram til ei felles plattform.

– Men korleis skal de då få fleirtal – utan Frp?

– Borgarleg fleirtal tyder dei fleste målingar på at me får. Men i den samanhengen er det stor skilnad på ei myrkeblå regjering og ei blågrøn. Eg ser for meg at Høgre, saman med KrF og Venstre, dannar mindretalsregjering og søkjer samarbeid frå sak til sak. Ei slik mindretalsregjering vil også vera den mest demokratiske varianten. Då vil Stortinget igjen verta ein arena for reell debatt. I dag er alle spørsmåla avgjort internt i regjeringa, før dei kjem til Stortinget, medan eit kvart forslag frå opposisjonen vert røysta unisont ned av dei raudgrøne. Ikkje bra for demokratiet!

Færre milliardar

– Handlingsregelen, kor sterkt står Venstre på den?

– Svært sterkt. Ikkje minst grunna omsynet til kronekurs og konkurranseevne. Alternativet er at norske produkt prisar seg ut, og at det ikkje lenger kjem eksportinntekter til landet – som kan vera med og sikra norsk velferd. Personleg meiner eg at uttaket frå oljeondet bør liggja nærare 3 prosent enn dei 4 prosenta handlingsregelen opnar for.

– Kva er di personlege hjartesak ved valet?

– Vossebanen spesielt og tog generelt. Eit betre og meir effektivt jernbanenett er avgjerande for å få meir av transporten over på skinner. Og ein slik overgang er avgjerande om Noreg skal nå dei klimamåla som er sette. Opprusta jernbanenett er også avgjerande for ei positiv utvikling i arbeidsliv og næringsliv, seier Breivik, som difor håpar at heile hordalandsbenken står fast og samla når tautrekkinga om samferdslemidlar startar.

Terje Breivik

Foto: Christin Eide

Fire berebjelkar

– Kva er Venstre sine flaggsaker elles?

– Klima, kunnskap, verdiskaping og velferd er dei fire berebjelkane i Venstre sitt program. Innafor klima ynskjer me mykje sterkare innsats mot nye energikjelder, som jordvarme, offshorevind og hydrogendrivne køyretøy, mellom anna. Kunnskap inneber framfor alt ein sterk offentleg grunnskule.

I eventuelle regjeringsforhandlingar er då også kunnskapsdepartementet det Venstre traktar aller mest etter, seier Breivik, og då med partileiar Trine Skei Grande som statsråd. Innan verdiskaping er betre støtteordningar for gründerar eit sentralt punkt, medan moderne og levekraftige lokalsjukehus er viktig del av velferdsbiten.

– Og ikkje minst ynskjer me skjerpa innsats mot fattigdom i Noreg!

Kompromissing?

– På kva område kompromissar Venstre ikkje i eventuelle regjeringsforhandlingar?

– Der vil me nok vera forsiktige med å binda oss 100 prosent, då me ynskjer reelle forhandlingar. Det er likevel klart at me vil leggja inn full tyngd for å hindra oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja. Når det gjeld innvandring, ynskjer me mjukare reglar. Utsending av barnefamiliar som har vore her både åtte og ti år er uhøyrt. Venstre ynskjer ei raskare sakshandsaming, men vil styrkja asylinstituttet.

Eit tredje punkt Breivik ikkje vil fira på er skjerpa satsing innan kunnskapssektoren. – Noreg klarer ikkje å halda oppe sine konkurransefortrinn om me ikkje heile tida har teknologi i verdsklasse.

Privilegium

– Med fire dagar att til valet, trur du no at du vert tingmann frå Hordaland?

– Både meiningsmålingar og stemninga der eg ferdast gjer meg optimistisk. Etter å ha tråla fylket på kryss og tvers siste vekene, er eg også mektig imponert over alt det spennande som rører seg her i Hordaland. Med dét som bakgrunn, synest eg òg det vil verta eit privilegium å få representera fylket i Oslo.

– Kor mange mandat trur du Venstre får?

– Fleire målingar har siste tida hatt Venstre oppe mellom seks og sju prosent. I så fall vil me få ei gruppe på 11-12 stk. Og det ville vore storarta!

Les heile portrettintervjuet på 6 – 7 i Avisa Hordaland torsdag 5. september.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**