Ikkje kødd med språket mitt!

Det er stor skilnad på ei mørkleblå regjering og ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre. Ikkje minst for nynorsken sine kår i skulen og i samfunnet, skriv Peder Lofnes Hauge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

nynorsk

Foto: NRK

Bjørn Lødemel (H) seier til Firda i dag at han er usamd med Høgre sin språkpolitikk. Det er det god grunn til, men eg trur ikkje han heilt veit kva Høgre har vedteke. Høgre går ikkje til val på valfritt sidemål. Opplæringa i sidemål skal framleis vere obligatorisk, men elevane skal ikkje få dokumentert kompetansen gjennom karakter og eksamen. Det er ein skikkeleg dårleg idé.

Høgre vil fjerne sidemålskarakteren fordi den er “demotiverande”, men innføre karakterar i femte klasse fordi det vil vere “motiverande”.

Ingrid Heggø (Ap) vil halde på lov om målbruk i offentleg teneste, men sausar saman omgrepa “målform” og “målføre”. Det gjer også Liv Signe Navarsete som vil ha eigen karakter i begge målføre. Målform er eit skriftspråk, målføre er ei dialekt.

Arbeidarpartiet nemner for øvrig sidemål berre éin gong i programmet sitt: Dei vil gje elevar i samiske områder høve til å velje sidemålet vekk.

At dei to største partia er ein trugsel mot språket mitt er det ingen tvil om. At eit sterkt Venstre i ei ny borgarleg regjering er viktig – også for nynorsken – er det heller ingen tvil om. Venstre arbeidar for språkleg fridom og mangfald.

Det er avgjerande viktig at Venstre styrer kunnskapsdepartementet.
Kunnskap og forsking ligg til grunn for politikken vår – også i spørsmåla om språk. Vi vil halde på dagens ordning med eigen sidemålskarakter, og la elevane møte både bokmål og nynorsk i alle fag gjennom heile skulegangen.

Og eit styremedlem i Noregs Mållag på Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane hadde ikkje skada. Han heiter Sveinung Rotevatn (V), og har dette fantastiske landsmøtet i ryggen.

Peder Lofnes Hauge
Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**