Meir fokus på museumsamlingane

Masfjorden Venstre har programfesta at eksisterande kulturminne skal ha større fokus mtp vedlikehald og opprusting.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Sleire skulemuseum er tidlegare Sleire skule frå 1894 til 1957 (og i tida etterpå nytta til sløydundervisning i tilknyting til Nye SLEIRE skule frå 1957). Masfjorden Venstre tok tak i behovet for rask rehabilitering av tak v.ny k-styreperiode. Dette vart støtta og vedtak gjort, men drog ut pga håndtering i adm.kring anbod og manglande påskunding av arbeidssstart av tiltak. Me er no svært glad for at vedtaket om nytt tak på SLEIRE skulemuseum er endeleg iverksatt og fullført! Venstre håpar at dette er starten på eit større fokus på våre kulturminne i heile kommunen.

Sleire skulemuseum

Foto: Tove Kristin Sleire Tistel

Sleire skulemuseum er eit museum for folket og til pedagogisk bruk for elevar i Masfjord skulane. Loftet er innreidd som ein lærarbustad og museumet tar var på identitet for innbyggare lokalt.
Med eit større fokus på museumsamlingane våre i kommunen og andre kulturminne, bevisstgjer me innbyggare og andre på verdien dei har og historia dei innehar.

Tove Kristin Sleire Tistel
Masfjorden Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**