Tilbake til kjøkenet

Å sørge for at kommunen forvaltar skattebetalarane sine pengar slik at vi får mest mogleg velferd for kvar krone er ikkje eit utrykk for mistillit til dei tilsette, men vår plikt som folkevalde. Budsjettet må vere i balanse, og driftsnivået forsvarleg, skriv Peder Lofnes Hauge i dette lesarinnlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

Seinhausten er budsjettid, og budsjettid er vanskeleg. Særleg når ein må kutte. Kutt kan av og til vere rett, fornuftig og heilt naudsynt. Av og til kan det vere like vondt og vanskeleg. Som folkevalde i ein kommune skal vi mellom anna vedta ein økonomiplan og eit budsjett i balanse. Det er vi heilt nøydde til. Ja, vi må til og med reflektere over kva som er, eller bør vere kommunale kjerneoppgåver. Vi må vurderere inntekter og utgifter, og vi må våge å sjå på, vurdere og utgreie strukturelle og organisatoriske endringar.

Gloppen kommune må redusere drifta til eit forsvarleg nivå. 34 millionar kroner er ein ikkje ubetydeleg del av eit driftsbudsjett på vel 300 millionar. Alternativet til eit forsvarleg driftsnivå er i alle fall ikkje betre kommunale tenester. Dette økonomiske bakteppet må ligge til grunn for det politiske arbeidet.

Moderningseringsprogram og budsjettarbeid engasjerer, både i avis, på arbeidsplassar og i sosiale medier. Det er bra. Det er særleg to ting eg saknar etter å ha lese reportasjar og kommentarar knytt til dette arbeidet. Eg vil difor kome med to påstandar, og nokre generelle kommenterar knytt særleg til drifta av det kommunale kjøkenet.

Om ein aksepterer dei følgande påstandane, bør desse også ligge til grunn for korleis ein vurderer det administrative og politiske arbeidet i kommunen:

– At ein kommune kontinuerleg søkjer å effektivisere og modernisere drifta og tenesteproduksjonen er ikkje eit utrykk for mistilit til dei tilsette, slik somme synest å meine. Det er ei fordømt plikt. Slike krav må ein forhalde seg til i det private næringsliv, og krava bør vere minst like strenge i det offentlege — som trass alt forvaltar skattebetalarane sine pengar.

– Kommunestyret kan sjølvsagt be om å få ei sak til behandling sjølv om eit underordna utval ikkje ynskjer det. Kommunestyret er det øvste organet og berre her er samtlege politiske parti som er valde av folket representert.

Debatten om det kommunale kjøkenet har engasjert i særleg grad. Eg ynskjer ei utgreiing og ein gjennomgang av alternative driftsformer. Dette er ikkje eit uttrykk for at eg, slik ein lett kan få inntrykk av, ikkje ynskjer dei eldre alt godt. Det er heller ikkje slik at eg ikkje meiner dei bør få god mat. Og det er overhode ikkje eit uttrykk for mistilit til dei tilsette ved kjøkenet. Det er min jobb å vurdere om ein også på denne delen av det kommunale tenestetilbodet får mest mogleg velferd for skattebetalarane sine pengar. Så enkelt. Så vanskeleg.

Difor ynskjer eg også debatten. Både i avisa, i sosiale medier, men også i kommunestyresalen. Men eg meiner bestemt at debatten har godt av å bli balansert, og at den kan trenge eit klimaskifte. Den er i alle fall tent med at vi legg i frå oss ordbruk som «hån mot dei eldre», «Rådmannen er ubrukeleg — spark ho», «søppelmat», og «plastikkmat», eller mistanke om at folkevalde eller administrativt tilsette «ikkje set pris på dei eldste innbyggarane som har bygd landet».

Og så er debatten avhengig av at kommunstyret får framlagt eit riktig og godt grunnlag å fatte avgjersler på bakgrunn av. Då må vi be om dette grunnlaget.

Så kan det vere at vi skal vidareføre eit kommunalt kjøken i Gloppen. Kanskje skal drifta vere som i dag, kanskje kan ho effektiviserast eller moderniserast. Kanskje bør ein vurdere konkuranseutsetjing. Berre ei utgreiing av alternative driftsformer kan fortelje oss kva som er fornuftig.

Om ein skal snu kvar stein kan ein ikkje la somme utvalde steinar ligge. Ein kan rett nok legge somme tilbake slik dei låg, om det er føremålstenleg, men då har ein i det minste snudd dei og vurdert dei på lik linje med dei andre. Er det rett at ein i ein kommune med nærare 500 årsverk på førehand skal skjerme 9 av desse på bekostning av dei andre, som følgeleg må belage seg på ytterlegare innsparingar?

Eg kan la meg overbevise av gode argument. Gode argument plar ha den effekten på meg. Men eg har langt større problem med å la meg overbevise av eit folkekrav om ei uforbeholden skjerming av deler av drifta — på bekostning av andre, anten det er lærarstillingar, sjukepleiarar eller vaktmesterteneste.

Uansett kva kjøkenteneste vi endar opp med så skal dei eldre ha mat. Og den skal vere både næringsrik og god. Dei økonomiske realitetane kan ein likevel ikkje springe i frå. Det har i alle fall ikkje eg tenkt å gjere.

Uavhengig av om det får meg gjenvalgt eller ikkje.

Peder Lofnes Hauge
Kommunestyrerepresentant, Gloppen Venstre

Innlegget var på trykk i Firda Tidend, onsdag 13.november 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**