Venstre i Eid: Skulesatsing og nytt omsorgssenter

Venstre og Senterpartiet har inngått ei avtale om kommunebudsjettet i Eid for 2014. I budsjettavtalen blir skulen i Eid tilført 3,1 mill kr, og ein held dermed oppe rammene til skulen i Eid dei neste åra. Samtidig finansierer ein i budsjettavtalen byggestart for både nytt omsorgssenter og ny gymsal/fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule i 2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


– Venstre har kvalitet i skulen som vår fremste prioritet. Vi gjekk også til val på at vi skulle få slutt på dei stadige utsetjingane av bygging av nytt omsorgssenter i Eid, ein runddans som har ridd Eid kommune som ei mare i mange år. VI er svært glade for denne budsjettavtalen som no er inngått mellom Venstre og Senterpartiet. Med denne syner Venstre at vi kan levere og prioritere det som er viktig for folk i Eid sjølv i trange tider for kommuneøkonomien, seier leiar i Eid Venstre Gunvald Ludvigsen og gruppeleiar for Venstre i kommunestyret, Arild Nøstdal.

Alfred Bjørlo Brit Moa Arild Nøstdal

Foto: Steinar Engeland

Venstre og Senterpartiet er samde om endringar i budsjettet for 2014 og økonomiplan 2015-17 som sikrar at Eid kommune:
Held oppe rammene til skulane og pleie-/omsorgsinstitusjonane, og dermed sikrar kvaliteten i dei grunnleggande kommunale tenestene i Eid
Startar bygging av nytt omsorgssenter fyrste halvår 2015
Startar bygging av ny fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule i 2015

For å finansiere bygging av omsorgssenter/fleirbrukshall utan å måtte gjere kraftige kutt i kjerneoppgåvene til kommunen, er partia samde om å innføre eigedomsskatt på bustader i Eid kommune frå 2014. Partia eg óg samde om å føre ein stram budsjettpolitikk. Ein skal m a gjennomføre eit samla omstillingsarbeid i den kommunale drifta som foreslått av rådmannen, og ikkje gjennomføre andre større investeringsprosjekt utan at desse er finansiert på anna måte

Heile budsjettavtalen mellom Venstre og Senterpartiet kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**