– Venstre vil ikkje velte hallplanane til STIL

– Venstre vil arbeide for å få STIL sine anlegg på Myklebustflata inn igjen på Kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det seier Vigdis Henden, som møter i kommunestyret for Venstre komande måndag. STIL har i lengre tid planlagt å bygge ein innandørs kaldhall for fotball på Myklebustflata. Dette anlegget er tatt ut av Kommunedelplanen for idrett, friluftsliv og fysisk aktivtet for 2014-2017. I Kultur og miljøutvalet tysdag denne veke gjorde Henden framlegg om å legge anlegga inn igjen på planen, etter at administrasjonen tilrådde at dei blei tekne vekk. Dette framlegget fekk berre Venstre si stemme.

– Venstre vil ikkje sette kjeppar i hjula for STIL. Å la desse prosjekta stå i planen kostar ikkje kommunen ei krone. At dei ikkje står i planen hindrar derimot STIL frå å søke om spelemidlar. Det kan vere slutten for STIL sitt prosjekt, seier Henden.

Ho er klar på at Trivselshagen dekkjer mange behov, og at inntjening der blir avgjerande viktig i åra som kjem. Ho viser til at STIL fotball, sjølv om dei ynskte eit anna dekke i trivselshagen, kjem til ein brukar av Trivselshagen, men at prosjektet på Myklebustflata vil stette eit behov fotballgrupppa ikkje får dekt i den nye fleirbrukshallen.

– Vi let idrettslaga sjølv definere behova sine. Vi seier ikkje med det at vi økonomisk vil støtte eit kvart prosjekt, men vi bør vere tilretteleggarar for utvikling. Då kan vi ikkje velte prosjektet i planarbeidet, seier Vigdis Henden, som vil fremje forslaget sitt på nytt i kommunestyremøte på måndag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**