Å gje Warloe rett

Henning Warloe skreiv sundag ein skarp kronikk i Bergens Tidende. Med fynd og klem kravde han avliving av det han sjølv omtalar som norsk politikks siste hellige ku: distriktspolitikken. Mellom fleire gode poeng finn ein eit underliggande ynskje om å avlive ikkje berre distrikspolitikken — men distrikta som sådan. Det er like dumt som det er forutsigbart. Den like forutsigbare reaksjonen frå politikarar og andre frå mellom anna Sogn og Fjordane, gjev han diverre rett: Norsk distriktspolitikk ber preg av ein heilag ukrengelighet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Heller enn å instinktivt forsvare denne nokså diffuse «distriktspolitikken» bør vi som bur i distrikta ynskje debatten om distriktspolitikk velkomen. Slik kan fleire bidra til å fylle han med innhald, styrke han, og ta han inn i og ruste han for framtida.

Det er sjølvsagt like enkelt som det er lite føremålstenleg å svare Warloe med same mynt. Det er berre å vise til verdiskapinga på for eksempel Vestlandet — eller mitt eige Sogn og Fjordane — og bedt byane sende oljekronene og inntektene frå fisken vår i retur. Det har eg ikkje tenkt å gjere.

Fleire poeng i Warloe sin kronikk fortener å bli debattert utan by-land-dimensjonen som hårsår undertone. Då kan vi for eksempel påpeike at Warloe bommar når han trekk fram rassikring som døme på at bykronene hans urettvist subsidierer meir landlege distrikt. Det å busetje seg der ein vil representerer for meg ein fridom og eit gode — sjølvsagt innanfor rimelege grenser. Den grensa går ikkje ved Åsane.

Det er blant staten sine primæroppgåver å sørgje for at alle borgarane har grunnleggande infrastruktur — for ikkje å snakke om å sørgje for at elevar i den obligatoriske offentlege skulen har ein trygg skuleveg. Då må ein leve at grunnleggande infrastruktur er dyrare per hovud i distrikta enn i og rundt dei store byane. Og så må vi leve med at ein del samferdsleprosjekt må stille seg bak i køen til fordel for prosjekt i meir folketette området. Men rassikring av elevar sin skuleveg er mellom dei meir fornuftige tinga vi brukar skattebetalarane sine pengar på i dette landet.

Fleire har meint at Warloe viser ein forakt mot folk i små kommunar. Kanskje gjer han det. Men mange av reaksjonane gjev Warloe rett i særleg to ting: For det første at denne «distriktspolitikken» er noko ein helst ikkje pirkar bort i. Litt som ei, nettopp; heilag ku. Og for det andre at det er tilsynelatande meir akseptert å utvise ein forakt mot byane enn det er mot bygda. Som han peikar på har vi politiske parti som byggjer sin eksistens på, går til val på, og har ein retorikk som er tilpassa det at dei er eit parti for distrikta — i eit evig konfliktsfylt motsetningsforhold til byane.

Det er skilnadar mellom by og bygd. Bygda har ei rekkje kvalitetar du ikkje finn i byane. Men vi har ikkje Universitetsutdanning, og bør heller ikkje ha det. Andre varer og tenester syter marknadskreftene for at ein berre har tilgong på i folketette områder. Det er heilt greitt. Og det må vi tåle. Og så må vi tåle debatt i opent lende om inntektsutjamning, om kommunestruktur, eller om framtidas norske landbruk. Møter vi debatten om norsk distriktspolitikk med indignasjon har vi tapt.

I Sogn og Fjordane har vi blant dei beste skuleresultata i landet. Det i seg sjølv skulle vere eit godt utgangspunkt for vekst og utvkling. Men ungdomen kjem ikkje heim. Kanskje er dagens distriktspolitikk meir eit kunstig koma enn politikk for vekst og utvikling. Kven vil vel heim til eit framtidsfylke utan sjølvtillit?

Warloe skal ha for forsøket, men kan godt prøve igjen. Så får vi sjå om vi tar utfordringa betre neste gong.

Busetnad i distrikta kan ha ein verdi for den enkelte borgar. Og det har ein verdi for samfunnet. Ein del av denne verdien lar seg lett tallfeste i heilt konkret verdiskapning. Andre delar er vanskelegare å måle i kroner og ører. Heldigvis. Eit samfunn der all rikdom er målt i pengar er eit fattig samfunn.

Ingen av delene gjev meg dårleg samvit.

Peder Lofnes Hauge
Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**