Interpellasjon om trafikale løysingar i sentrum

I eit ope møte torsdag 30. jan. orienterte to samarbeidsgrupper frå kommunen og Vegvesenet om framtidig hovudnett for sykkeltrafikk og opprustingstiltak langs eksisterande E16 gjennom Voss sentrum. (Sjå og “Hordaland” for laurdag 1. febr.) Det vart vist spennande skisser som illustrerte moglegheiter og utfordringar, særleg med tanke på sykkelvegar gjennom sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Voss Venstre er svært glade for at det vert arbeidd vidare med planen for hovudnett for sykkeltrafikk og manglande sykkelvegar til og gjennom sentrum. Gode sykkelvegar er avgjerande for at fleire skal nytta sykkel – noko vi veit har positiv effekt for folkehelsa og miljøet. I tillegg frigjer syklistane parkeringsplassar og reduserar trafikkmengda. 10 syklar i stativet ved jernbanen representerer gjerne 8-10 ledige parkeringsplassar!

Møtet hadde ein engasjert debatt om sykkelvegar, varelevering og parkeringsplassar gjennom Uttrågata. Men trafikkløysingane i, til og frå, Vangsgata vart lite diskutert — noko som heller ikkje var del av oppdraget til Vossapakko (Vegvesenet) sine konsulentar.

I gjeldande kommuneplan står følgjande tiltak under kap 13.3; kommunale vegar:
– Omregulere del av Vangsgata til einvegskøyring straks tunnel bak Vangen opnar.
På sikt arbeide for å tilrettelegge for gågate

Sykkelvegar, opprustingstiltak i Uttrågata og framtidig bruk av Vangsgata må sjåast i samanheng. Skal Vangsgata og Uttrågata verta meir likeverdige, eller skal Uttrågata vere ei transportgate og Vangsgata ei miljøgate?

Ei snarleg avklaring er svært viktig.

Voss Venstre har derfor følgjande spørsmål til ordføraren:
Vil ordføraren ta initiativ til snarleg utgreiing om og behandling av
– tidlegare vedtak om mogleg endra framtidig status for Vangsgata?
– dei trafikale samanhengane i heile Voss sentrum?

Knut Olav Nestås, Venstre

Skilt GS vei

Foto: Statens Vegvesen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**