Venstre uroa for beredskapen

Ope brev til ordførar Hans-Erik Ringkjøb: Voss Venstre er uroa over forventa auka responstid , og dermed reduksjon i kvaliteten på tilbodet ved den nye interkommunale legevakttenesta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det føreligg i desse dagar eit forslag om at EIN lege skal handtera eit interkommunalt legevaktsamarbeid med ansvar for Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord og – til dels — Kvam på ettermiddag , kveld og natt.

Saka var kompleks og avgjerda delegert til administrasjonen , så saka blir ikkje handsama politisk.
Venstre er derimot uroa over dei mogeleg konsekvensane ved forslaget om berre å ha ein lege på vakt, og at det bryt med minstenorma som er formulert i " Nasjonal handlingsplan for legevakttenester".

ambulanse

Foto: microsoft

Venstre meiner at politisk utval , eventuelt og kommunestyret , bør informerast i slike saker.
Det er viktig for eit vitalt lokaldemokrati at administrasjonen er gjort kjend med dei politiske signala før saka blir endeleg lagt fram. Det er ikkje tilfelle i denne saka, og Venstre trur ikkje avgjerda reflekterer innbyggjarane sine forventningar om beredskap.

Kva meiner ordføraren sjølv om innhaldet i avtalen?

Vil ordføraren syta for at framtidige resultat frå evaluering av ordninga blir lagt fram for utval for levekår, og eventuelt òg kommunestyret?

Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås

Voss Venstre

Stetoskop, helse, medisin, sykehus

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**