Satsing på kollektivtrafikk og Bergensbanen

Årsmøtet i Hordaland Venstre vedtok nyleg ei fråsegn om nye, framtidsretta løysingar for kollektivtrafikken i Hordaland, som mellom anna inneheld forpliktande formuleringar om
Bergensbanen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Hordaland Venstre vil utbetra kollektivtilbodet i tettbygde strok, og auka andelen av kollektivreisande blant dei som har privatbilen som alternativ. Skal ein lukkast i målet om å flytte privatbilistar over på kollektiv, må ein ha gunstige prisar for dei som pendlar og nyttar kollektivtrafikken ofte.
Å bruke areal til å byggja grønt, blanda og fortetta er svært viktig for å unngå meir spreiing og bilbaserte lokalsamfunn.

Mona Hellesnes

Foto: Facebook

— Det er avgjerande med eit konstruktivt samarbeid mellom kommunane i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune, utdjupar Venstres gruppeleiar på fylkestinget og fylkesvaraordførar, Mona Haugland Hellesnes.

Kollektivstrategien til Hordaland fylkeskommune er for tida ute til høyring. Målsettingane i denne er høge, og krev eit forpliktande samarbeid mellom alle kommunane i fylket om ein skal la kollektive løysingar ta hand om transportbehova i framtida.

Venstre støtter at Jernbaneverket kan kvalitetssikra NSB sine planar om forstadsbane i Bergen, men det er mange andre prosjekt som har kome lengre og er vel så viktige.
KVU for Arna-Voss vert lagt fram i næraste framtid, og oppfølgjing av denne må prioriterast. Kortare reisetider til Voss bør også kunna ta ein del av den forventa folketalsauken i bergensområdet, og styrka utviklinga i indre Hordaland.

— Det er heilt sentralt at utgreiinga som no føreligg frå konseptvalsutgreiinga, fører til vidare satsing og utvikling av Vossebanen og Bergensbanen, seier leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås.

Bergensbanen

Foto: MK

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**