Bruk av midlar frå det kommunale energifondet til forskotering av planarbeidet for fv 57

I kommunestyret møte 12. mai stilte Hogne Kvangarsnes ein interpellasjon til ordføraren om bruk av midlar frå det kommunale utviklingsfondet (energifondet) til planlegging av fv 57.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Til ordførar Arve Helle:
Kan ordføraren vere med på å vurdere ei løysing der det vert brukt midlar frå det kommunale energifondet til å forskotere kjøp av naudsynte prosjekterings- og planarbeidstenester for fv 57 med særleg tanke på strekninga Sætenes-Nistadlia?

Den elendige vegstandarden på fv 57 framstår i stadig større grad som ein bremsekloss for vekst og utvikling både i Fjaler og delar av regionen elles. Og etter at Dalsfjordsambandet vart opna i desember 2013 har trongen for ein betre og meir tenleg vegstandard på fv 57 vorte presserande.

Fv 57 Sætenes – Storehaug er å finne på prioriteringslista. Ein fortgang i planarbeidet vil medføre ein raskare vedtaks- og godkjenningsprosess, noko som kan resultere i tidlegare byggestart enn først rekna med.

Energifondet er tenkt å kome innbyggarane i Fjaler til gode i særleg viktige saker for fellesskapen. Ei høgst naudsynt opprusting av fv 57 burde absolutt oppfylle dette kravet. Og etter som det her er tale om ei forskotering av planleggingsmidlar, vil midlane bli tilbakebetalt fondet i samband med bygging av vegen.

Ordføraren svara at han var svært positiv til tanken.

Etter ordføraren sitt svar la Hogne til følgjande:
Takk til ordføraren for positivt svar. Eg tolkar ordføraren slik at han tar spørsmålet opp til drøfting i formannskapet, og deretter utarbeider ei sak på dette til handsaming i kommunestyret med det første. Ei løyvingssak frå utviklingsfondet vil krevje minimum 3/4-fleirtal.

Eg vil også poengtere at det er kommunane sjølve som har reguleringsmynde, og kommunane sjølve som bestemmer kva dei vil planlegge – dette gjeld også for fylkesvegar og riksvegar.

Dessutan vil det vere eit kraftig signal til vegvesenet og fylkeskommunen om at denne vegen er så viktig for oss at vi er villige til å forskottere av eigne midlar for kjøp av planleggingstenester.

Hogne nærbilde

Foto: HK

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**