Lokale innspel gull verd

I avisa “Hordaland” for laurdag 31. mai peika Terje Breivik på verdien av dei mange innspela han har fått frå lokalt hald i Voss og Hardanger i samband med jordbruksforhandlingane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Onsdag kveld kom regjeringa og støttepartia i hamn med ein jordbruksavtale, med 250 mill kr meir i den økonomiske ramma. Les heile saka her!

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Terje Breivik, stortingsrepresentant for Hordaland og nestleiar i Venstre, rapporterer at dei mange innspela han har fått den siste tida frå Voss og Hardanger har vore gull verdt for deira del. Dei lokale hjartesakene har spela inn på kva krav dei skulle stilla til regjeringa. Breivik peikar på at dei fekk gjennomslag på fleire punkt.

– Framlegget om å kutta fruktlagertilskotet vart trekt. Det same gjeld planane om å gå bort frå ordninga med tidlegpensjon i jordbruket. Dette er ei viktig ordning for dei som har behov for pensjonen, og for å sikra rekrutteringa, seier Breivik.

Sauer

Foto: Ellen Borch Veum

Han peikar på at dei generelt fekk gjennomslag for fleire endringar som sikrar økonomien for små og mellomstore bruk, slik strukturen er på Vestlandet.

– Ramma vart heva med 250 mill kr, og gjev bønder ei gjennomsnittleg lønsauke på 5,4 prosent.

Terje Breivik sat ikkje ved forhandlingsbordet, men var aktiv i kulissane for å sikra eit utfall dei kunne stå inne for. Mellom endringane han ser som positive er semja om å få i stand tre partssamansette utval. Det eine utvalet skal sjå nærare på rekrutteringsproblema i landbruket. Forenkling av tilskotssystemet vert tema i eit anna utval, og det tredje skal arbeida med klimaspørsmål. Korleis kan det verta meir lønsamt å ha ei klimavenleg drift, kva konsekvensar får endringane i klima, er mellom spørsmåla Breivik ser føre seg at dette utvalet tek opp.

Utenriks, miljø

Foto: Luth

– Endringa mot eit fuktigare klima har klar innverknad på Vestlandsjordbruket, det får utslag for kor store maskiner som kan nyttast og kor effektiv drifta kan vera, meiner han.

Han legg også vekt på at regjeringa og støttepartia har balansert tiltaka slik at ikkje sjølve ordninga med jordbruksforhandlingar skal vera trua. Løysinga med forhandlingar med andre parti i Stortinget er høgst uvanleg, men det er semje om at det såkalla forhandlingsinstituttet skal liggja fast.

Etter at løysinga vart presentert onsdag kveld har bonde­organisasjonane sagt seg glade for endringane, men utan at dei seier seg nøgd med avtalen samla sett.

Kjelde: http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/lokale-innspel-gull-verd – journalist: Sigrid Seim v/avisa “Hordaland”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**