Nye skattekontor må ligge utanom storbyane

Regjeringa sin skatteoppkrevjingsreform må brukast til å flytte statlege arbeidsplassar ut av storbyane. Det seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og sentralstyremedlem i Venstre.
— Eg ventar at desse nye, planlagde sentra i skatteetaten systematisk vert lokalisert utanfor dei store byane, og brukte til å skape sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar i andre deler av landet, seier Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Vidar Helle

Under den raudgrøne Regjeringa skjedde det i åra 2005-13 ei storstilt sentralisering av statlege arbeidsplassar. I løpet av åtte år med Ap og Sp i Regjering vart det oppretta nær 6.500 nye statlege arbeidsplassar i Oslo, medan nesten ingen arbeidsplassar vart flytta ut frå Oslo/Akershus.

Venstre fekk nylig fleirtal på Stortinget, mot Ap sine røyster, for eit framlegg om at nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo, og at det skal leggast ein samla strategi for å bruke statlege arbeidsplassar til å bygge sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar ut over i landet.

– Eg forventar at ei ny regjering og eit nytt stortingsfleirtal tek eit raskt oppgjer med åtte års raudgrøn sentralisering av statlege arbeidsplassar. Skatteinnkrevjing er ei oppgåve som utmerka godt eignar seg for å lokalisere kompetansemiljø utanfor dei største byane – til dømes i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Dette blir for Venstre ein første prøveklut på viljen til å tenke annleis enn dei raudgrøne, seier Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**