Svært kritisk til konsulenttenestekjøp

Det har siste tida kome fram at Voss kommune har kjøpt konsulenttenester på kanten av, og i strid med lovfastsette reglar for innkjøp. Venstre er kritisk til prosessen og meiner politikarane burde vore orientert gjennom andre kanalar enn lokalavisa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Tenestekjøpa gjeld både innan helse og omsorg, oppvekst/skule og kultur/symjebasseng. Opplysningane er til dels kome fram, og bitvis, gjennom lokalavisa "Hordaland."

Venstre finn praksisen svært kritikkverdig. Venstrerepresentanten Jorunn Ytrefjord uttrykte dette klart i førre kommunestyremøte. Venstre føreslo derfor at kontrollutvalet skulle prioritere innkjøpsrutinar i ein såkalla forvaltningsrevisjon. Eit fellesforslag med Høgre om dette blei samrøystes vedtatt.

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

Venstre har tidlegare føreslått ei innskjerping av delegerings- og økonomireglementet mellom anna for å sikra tydelegare politisk kontroll. Dessverre valde det raudgrøne fleirtalet å røysta for eit delegeringsreglement som gir administrasjonen mykje makt og tilsvarande lite orienteringsplikt overfor dei folkevalde.

Ei anna sak er at t.d. skadane ved flaumen 28.-29. okt. viser at dei sentralt fastsette innkjøpsreglane ikkje dekkar behova for snarlege tiltak ved naudsituasjonar. Voss Venstre meiner kommunen bør ta dette opp med KS og departement.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**