Nytt styre og ny leiar i Giske Venstre

Foto: Marit Brunstad

FullSizeRender

Vellukka og godt besøkt årsmøte for Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Britt Giske Andersen tek over leiarvervet i lokallaget Giske Venstre for Britt Elin R. Farstad, som vart takka av etter å ha gjort ein framifrå innsats, på Giske Venstre sitt årsmøte. Farstad held fram i styret som sekretær.

Den nye leiaren får med seg fylgjande engasjerte Venstre- medlemmar på laget;
Geirmund Oltedal, Svein Gjøsund, Ole Furnes, Jan Ove Skodje og Britt Elin R. Farstad.
Anne Lovise Stornes Ytterland og Ove Paulsen er vara.

Årsmeldinga vise at til tross for eit mellomval år, så har det vore eit aktivt år for Giske Venstre. Både av eigne aktivitetar, i tillegg til å vere synleg langt utover lokallaget. Giske Venstre kan vise til representasjon både i Storting, landsstyre, Fylkesting og i Unge Venstre.
Og nettopp folkestyre og demokrati var eit av temaene under kveldens debatt. Der hadde dei i tillegg invitert Rådmann i Giske, Marit Larssen til å kome med å gi eit «skråblikk» på kommuna. I eit “skråblikk” som var både til nytte og glede, delte ho nokre fakta om Giske, men først og framst snakka ho om sitt personlege forhold til øyriket. Kva ser ho, kva opplever ho – korleis kan det vere å bu her og flytte hit. Ein spennande og givande kveld.

Giske Venstre går no inn i sluttfasa av nominasjonsprosessen. Nominasjonsmøtet vert den 26. februar. Då skal lista med dei som vil gjere ein ekstra innsats for at Giske kommune også i framtida skal utvikle seg til beste for innbyggarane, presenterast.
Dei fleste av oss har det veldig godt, og det skal vi vere takknemlege for. Kanskje skal vi då gjere ein ekstra innsats for fellesskapet og dei som treng ei ekstra hand? Mykje blir avgjort i kommunestyret. Og her trengs det alle slags folk, og kanskje akkurat deg, avsluttar Britt Giske Andersen, ny lokallagsleiar i Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**