Ja til levande bygder!

Foto: Lisa Kara Frøyland

Suldal Venstre sitt forslag til fråsegna “Ja til levande bygder!”, vart vedteke på Rogaland Venstre sitt fylkesårsmøte i Sandnes i helga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Nedanfor kan du lese fråsegna:Suldal Venstre sin 1.kandidat, Nila Bjarne Vold, er glad for at eit samrøystes fylkesårsmøte, representert av både små distriktskommunar og store bykommunar, er samde i at det er viktig å behalde konsesjonslova.

JA TIL LEVANDE BYGDER!

Regjeringa føreslo 15.10. i fjor å oppheva konsesjonslova for landbrukseigedommar. Dette forslaget inneber at det i framtida skal vera fritt fram for aksjeselskap, pensjonsfond og andre aktørar med reine kommersielle interesser å sikra seg kontroll over norske landbruksareal. Regjeringa legg i praksis opp til at ein person eller eit selskap kan eiga heile bygdelag.

Landbrukseigedommar er ikkje som alle andre eigedommar. Dei er berebjelkane i dei levande bygdene våre. Føremålet med konsesjonslova slik ho er i dag er å verna landbruksareal og å oppretthalda landbruksproduksjonen ved kjøp og sal av slike eigedommar.
Med andre ord sørgjer konsesjonslova for at samfunnet sine interesser blir tekne vare på. I tillegg kjem omsyn til miljø, busetting, allmenne naturverninteresser, utbygging og forvaltning for framtidige generasjonar. I praksis sikrar konsesjonslova også norsk matproduksjon.

Konsesjonslova har gjennom meir enn 100 år lagt grunnlaget for det familiedrivne jordbruket i Norge. Blir lova oppheva, fell også buplikta og prisreguleringa bort. Det kan igjen føra til ei utarming av bygde-Norge.

Rogaland Venstre ønskjer levande bygder også i framtida, og vil derfor på det sterkaste føreslå at konsesjonslova framleis består, men at ein får ei gjennomgang av lova med tanke på ei modernisering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**