Folk før system

Fråsegn frå årsmøtet i Voss Venstre — Folk før system: Det er på tide at Voss Kommune byrjar å planleggja korleis dei framtidige tenestene bør sjå ut, og diskutera innhald og kvalitet framføre vidare fokus på strukturar og tal!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Dei siste åra har det jamleg vore diskusjon om kommuneøkonomi i Voss Kommune. Som eitt ledd i dette har òg strukturen i til dømes skulesektoren og helse- og omsorgstenesta vorte endra, og dei tilsette har måtta venna seg til ein ny kvardag prega av harde kutt og auka utryggleik.

Kandidater til valg 2011, Venstre logo

Foto: Venstre

No er det på tide at Voss Kommune byrjar å planleggja korleis dei framtidige tenestene bør sjå ut, og diskutera og leggja vekt på innhald og kvalitet framføre vidare fokus på strukturar og tal. Saka om at eldre vert plasserte på dobbeltrom er eit symptom og eit døme på ei utvikling som har gått for langt. I ein strukturdebatt er det lett at tala framandgjer menneska som er i systema, men systema er til for menneska og ikkje omvendt. Difor meiner òg me i Venstre at Voss Kommune framover bør leggja vekt på til dømes resultata frå kvalitetsundersøkinga og forvaltningsrevisjonen innan helse- og omsorg og skapa eit betre tilbod for innbyggjarane våre — både for tilsette og for innbyggjaren som nyttar tenestene. Voss Venstre ønskjer mellom anna at kvalitetsundersøkinga og revisjonen skal leia til ei avgjersle ikring kor nye omsorgsbustader skal byggjast for dei eldre i kommunen vår. Vårt standpunkt er at omsorgsbustadane må ha ei sentrumsnær plassering.

Likeeins er det viktig med ein gjennomgang på kva vaksen- og pedagogtettleik me ønskjer i barnehagane og skulane våre. Det er dei varme hendene og dei kloke hovuda som bør prioriterast framover, ikkje nye leiarstillingar og dyre konsulentar.

I dei to siste budsjetta har Venstre kravd auka midlar til levekårsfeltet. Born, unge og eldre er grupper som me må ha som målsetting å ha eit godt velferds-, utdannings- og barnehagetilbod for, og vidare kutt i levekårsfeltet vil ikkje vera i tråd med dette.

Voss Venstre meiner òg at kommunen snarleg må finna ei løysing i legevaktsaka. Prosessen så langt har vore for dårleg og er ikkje verdig eit regionsenter for heile Indre Hordaland.

Venstre vil halda fram med å satsa på eit godt velferds-, utdannings- og barnehagetilbod; gode lokalsamfunn må evna å finna balansen mellom å ta vare på dei eldre, borna og ungdomen vår.

årsmøtelyden i Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**