Tilråding før utgreiing?

Bjarte Gaangeskar

Rådmannen i Gloppen både feilinformerer og opptrer som politikar, skriv andrekandidat til kommunestyret, Bjarte Gangeskar i dette lesarinnlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Kommunereforma og prosessen om utgreiing har skapt mykje debatt både i Gloppen og andre stader. Det er sjølvsagt legitimt å være kritisk til reforma og meine at Gloppen kommune klarer seg best åleine i framtida. Men, frå ein rådmann må vi kunne forvente både større ryddighet i høve til den pågande prosessen og ikkje minst at den informasjonen som vert gjeve til media er korrekt.

I Firda Tidende fredag 07.02.15 gjentok Rådmann, Jan Kåre Fure, utsagnet om at det skal mykje til for at han skal tilrå at Gloppen skal vedta kommunesamanslåing. Han seier faktisk at han ikkje kan sjå eit einaste argument for dette.

I tillegg uttaler han at oppgåveoverføring frå stat til kommune ikkje lenger er aktuelt, i alle fall ikkje om kommunane får mindre enn 100.000 innbyggjarar.

For å ta det siste fyrst. Kor i alle dagar har han denne informasjonen frå? Faktum er at det i april 2015 vert lagt fram ei melding frå Regjeringa til Stortinget om kva oppgåver som skal overførast frå stat til kommune. Vidare er eit av dei sentrale spørsmåla i dei utgreiingane kommunane står framfor, nettopp kva oppgåver ein ser føre seg å ta over frå staten. Kanskje ei litt meir offensiv haldning vil kunne føre til at ein kan påverke eiga framtid, framfor å få den tredd nedover hovudet.

Dersom ein framleis, etter ei utgreiing, meiner at Gloppen klarer seg best åleine, skuldar ein innbyggjarane å være tydleg på at det å stå åleine ikkje er berre eit alternativ, det er i alle fall minst to.

Dersom Gloppen vel å stå åleine, dei omkringliggande kommunane gjer det same og oppgåvene som skal løysast er dei same som i dag, kan dette være eit greit alternativet. Spørsmålet er om dette er veldig sannsynleg.

Dersom Gloppen vel å stå åleine medan dei omkringliggande kommunane vert slått saman og får fleire oppgåver, er bilete eit heilt anna. Truleg vil kommunen då oppleve utfordringar i høve rekruttering av fagfolk, fråflytting og negativ næringsutvikling m.m. Å tru at dei samanslåtte kommunane vil ha med Gloppen i eit interkommunalt samarbeid om tenester som dei klarer å løyse på eiga hand, er vel ikkje særleg realistisk.

Uavhengig av dette er det noko spesielt når kommunen sin øverste administrative leiar har bestemt seg for si tilråding, samstundes som kommunane jobbar med å klargjere mandatet for utgreiinga og før denne er komen i gang.

Enno meir spesielt vert det når Ordføraren samstundes seier at han vil ha ei rådgjevande folkeavstemming i høve dette spørsmålet. Kva skal vi med ei rådgjevande folkeavstemming når det ikkje finnast eit einaste argument for? Eller er det slik at rådmannen har tolka kva det politiske fleirtalet meiner om saka og no prøver å få innbyggjarane til å meine det same?

For Venstre er det viktigare at kommunen kan levere gode tenester. Difor ynskjer vi at arbeidet med kommunereforma skal fortsette og at dei utgreiingane som skal gjerast ikkje bare blir eit «spel for galleriet».

Råmannen må gjerne meine at Gloppen klarer seg best åleine, men fyrst når utgreiinga som evt. stør synspunktet ligg føre. Noko anna er useriøst.

Ellers er det verdt å merke seg at Firda Tidend på leiarplass, i same utgåve, skuldar Fylkesmannen for å opptre som politisk aktør i saka om kommunereforma. Det er på mange måtar eit godt og betimeleg spørsmål.

Eit spørsmål dei kanskje burde stilt fleire.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**