– Uryddig oppførsel

Bjarte Gaangeskar

Rådmannen oppfører seg som ein politikar og feilinformerer. Det meiner Bjarte Gangeskar (V).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Han meiner rådmannen går for langt i ytringane sine når det gjeld kommunereforma og kommunesamanslåing.

– Eg reagerer på at rådmannen, midt i ein prosess, nærast har avgjort kva han meiner, seier Bjarte Gangeskar, Venstre sin andrekandidat til kommunestyret.

Fredag 13. februar kom det fram i Firda Tidend at det “skal svært mykje til” før rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure, tilrår noko anna enn at Gloppen held fram som eigen kommune. Han er ikkje på eitt einaste punkt, overtydd om at det vil tene innbyggarane å bli ein del av ein større kommune.

Saknar ryddigheit
Kommunane jobber med å klargjere eit mandat for utgreiing om kommunesamanslåing.

– At rådmannen ikkje ser nokon grunn til at Gloppen skal slå seg saman med nokon, må han gjerne meine. Men det er spesielt å meine det samtidig som ein jobbar med å klargjere ei utgreiing, seier Gangeskar.

Venstrepolitikaren etterlyser meir ryddigheit.

– Rådmannen skal vere tilretteleggar for politiske vedtak, ikkje ein politisk aktør. Det synest eg han oppfører seg som no.

– Kan påverke folk
Gangeskar fryktar utspela frå rådmannen kan påverke utfallet av ei eventuell folkeavstemming om kommunesamanslåing.

– Ei avstemmin må basere seg på fakta og saksutgreiing, ikkje ei kjensle frå rådmannen tidleg i prosessen, seier han.

Rådmann Jan Kåre Fure vil ikkje kommentere kritikken.

– Eg står sjølvsagt for det eg har sagt, men vil ikkje i nokon avisdebatt, seier han.

Saka stod på trykk i Firda, 23.02.15

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**