Behald legevakta i Suldal!

(Foto: Francisco Martin Gonzalez)

Suldal Venstre ønskjer å behalde lokal legevakt i Suldal.
Saka var til handsaming i partssamansett møte på fredag, der Venstre fremja eit alternativt forslag;

  1. Suldal kommune held fram med lokal legevakt slik som i dag.
  2. Rådmannen får i oppdrag å forhandla med dei andre VESS-kommunane med tanke på eit samarbeid etter føringane som kjem fram i Akuttutvalgets rapport til Helse- og omsorgsdepartementet 31. oktober 2014 og Rapport nr. 7-2014 frå Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin: Nasjonale krav til legevakt og fremtidens øyeblikkelig hjelptilbud i kommunene.

Forslaget fekk 2 av 9 røyster (V og H).

Suldal Venstre vil fremje forslaget på nytt når kommunestyret skal avgjere saka i møtet den 17.mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**