Eit val for framtida

Bjåneshalvøya, Foto: KVB

Lesarinnlegg: Er kuvendingar frå fleirtalskoalisjonen, som i Bjånessaka, til det beste for innbyggjarane undrar Sveinung Stensletten (V).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

I lokalmedia sist veke fortel Erik Andre Hesthammar om alt det dei som har sete med makta i Os dei siste 16 åra har fått til og at det strøymer til delegasjonar frå nær og fjern for å læra av det han kalla «Os-modellen». Ja, lista er bra lang den (16 år), men dei av oss som har budd her i kommunen dei siste 20 åra og er litt over gjennomsnitt engasjert i lokalsamfunnet vårt, veit at det også kan setjast opp lister over kva som ikkje er gjort eller kunne vore gjort. Eg har ikkje heilt fått med meg kva Os-modellen er, og ikkje straumen av delegasjonar heller. Men eg er stolt av å bu i Os, og vel derfor å fokusera på det som skal skje og me kan gjera noko med – framtida.

Kommunen og lokalpolitikarene si oppgåve er å sørgja for at utviklinga til ei kvar tid skjer til beste for alle innbyggjara. Skal ein få til dette må det tenkjast langsiktig, ein må ha planar, klare mål og prinsipper som styrer beslutningane slik at ein sikrar at dei langsiktige måla kan nås. Derfor er dokumentet «Kommuneplanens samfunnsdel 2015 – 2027» som kommunestyret vedtok lagt ut til høyring på sist møte eit svært viktig dokument. Planen skal «Peike på den retninga Os kommune ønskjer å gå, vise korleis vi kan realisere det vi ønskjer og korleis vi skal møte utfordringar». Her står det mykje bra og eg vonar at det vert engasjement rundt høyringa, og når den er vedtatt, at politikarane brukar den.

«Ja-haldning som har etablert Os som ein vekstkommune» er ifølgje Hesthammar ein god ting. Veksten hadde nok komme uansett slik Os ligg til – og ja, heilt enig i at me ikkje skal stikka unødvendige kjeppar i hjula til driftige folk. Men kvar går grensa? Skal det vera slik at at eit vedtak som samrøystes vert gjort av kommunestyret det eine året (og som er gjort ut fra foreliggjande langsiktige planar) nest året blir omgjort av fleirtalskoalisjonen utan skikkelig grunngjeving (tenkjer her på rekkjefølgekravet i Bjånessaka)?

Dette er ikkje den einaste saka av denne typen. Ja, Hesthammar, handlekraft kan liggja i det å ha fleirtal og kunna ta beslutning utan å trenga ta omsyn til mindretalet. Men kvar er den langsiktige planen – kva vil dåke med Os meir enn vekst – og kvifor ser vi fleirtalskoalisjonen gjera slike kuvendingar som i Bjånessaka gang på gang? Er dette til det beste for innbyggjarane

Venstre vil ikkje «Skifta berre for å skifta». Som alle dei andre partia arbeidar me no med valprogrammet. Når det er klart skal me presentere det for innbyggjarane og vera heilt konkrete på kva me vil både på kort og lengre sikt og kva som skil oss frå det sitjande regimet. Venstre trur heller ikkje at det er naudsynt med eit fleirtasregime for å få til ei god styring. Det har vist seg at mindretalsstyre (slik det er i Norge i dag) gir ein meir open prosess og gangnar demokratiet.

Publisert på Midtsiden.no av Sveinung Stensletten Mandag, mars 16

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**