Bjørnafjorden Venstre

Politisk program 2023 – 2027.

Her kan du lese Bjørnafjorden Venstre sitt politiske program. Dette er valprogrammet vårt og politikken vi i Bjørnafjorden Venstre går til val på. Partiprogrammet samlar kva vi vil jobbe for i perioden 2023 – 2027. Bjørnafjorden Venstre har som mål å gjere Bjørnafjorden til ein grønare, meir levande og inkluderande kommune. Venstre tek Bjørnafjorden framover!


Eit ansvarlig, skapande og inkluderande lokalsamfunn

Bjørnafjorden Venstre ønsker at alle skal kunna leva gode liv med meiningsfylt innhald i inkluderande og levande lokalsamfunn. FN sine berekraftsmål må stå sentralt i kommunale tenester og aktivitetar. Vi vil legga til rette for levande grender og lokalmiljø der det offentlege spelar saman med nærings- og organisasjonsliv for å skapa ein god kvardag. Vi ønsker ein framtidsretta, omstillingsdyktig og grøn kommune som arbeider på lag med næringslivet og bygger ein god økonomi. Vi ønsker å satsa på kunnskap og skaparkraft!


Visjonane våre for Bjørnafjorden kan delast inn i fire kapittel

Sjå våre kandidatar »

Eit godt liv

Bjørnafjorden skal vera ein god stad å bu for alle! Vi ønsker å prioritera skule og oppvekst, mangfald og inkludering i godt samspel mellom innbyggarane.


Barnehage, SFO og skule

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • samordning av SFO med andre fritidstilbod som kulturskule, FFO og AFO
  • gode ferietilbod i starten og slutten av skuleferien
  • fleksible opningstider i barnehage og SFO
  • løpande barnehageopptak
  • å bevara skulen som del av eit levande lokalsamfunn
  • ein skule med meir leik og praktiske fag
  • gode moglegheiter for lærarar til etter- og vidareutdanning
  • meir samarbeid mellom skule og næringsliv, t.d. lærlingar

Helse og omsorg

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • betring av arbeids- og tilsettingstilhøva i helsesektoren
  • lett tilgjengelege helsetenester i heile kommunen
  • satsing på heimesjukepleie, eldreomsorg, jordmorteneste og psykisk helse
  • fastlege til alle

Mangfald og inkludering

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • å inkludera alle, på tvers av etnisitet, tru og legning
  • å motta fleire asylsøkarar og flyktningar
  • å etablera eit livssynsnøytralt seremonirom
  • å fjerne usosiale særreglar, som f.eks. tiggeforbodet
  • eit velfungerande støtteapparat for personar med nedsett funksjonsevne og rusvanskar

Ein skapande kvardag

Dei som vil satsa som gründerar og skapa arbeidsplassar, skal møta ein positiv kommune som fungerer som ein viktig medspelar.


Næringsutvikling

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • å oppretta ei næringsavdeling i kommunen
  • å styrka samarbeid med verkemiddelapparatet (Forskingsrådet, Innovasjon Norge, Enova)
  • å støtta Bjørnafjorden Næringsråd
  • meir samarbeid med omeignskommunane om næringsutvikling og interkommunale tenester
  • å vidareutvikla eksisterande industriareal
  • at Lyseparken blir framtidsretta og berekraftig for framtidas næringar

Nyskaping og omstilling

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • å stimulera til vekst i små- og mellomstore bedrifter
  • å etablera gode vilkår for gründerar
  • kontorfellesskap for småbedrifter og fjernarbeidarar
  • å skapa grøn omstilling gjennom samarbeid mellom kommunen og næringslivet
  • å bygga miljøkompetanse i næringslivet
  • å dela opp offentlege anbod så lokalt næringsliv kan delta
  • meir lokal foredling av skog og jordbruksressursar

Kommunal administrasjon og tenesteyting

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • å unngå å innføra eigedomsskatt
  • å byggja kultur for kontinuerleg forbetring av kvalitet og service
  • at avgjerder skal takast på så lågt nivå som råd
  • bruk av ny teknologi som gjer det lett for innbyggjarane å nytta kommunale tenester

Eit levande samfunn

Bjørnafjorden Venstre ønsker eit levande lokalsamfunn. Med eit kulturløft, betre kollektivtilbod og eit levande sentrum vil vi setta Bjørnafjorden på kartet som ein kommune ein ønsker å både bu i og besøka.


Samferdsel

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • gode kommunikasjonslinjer mellom Os og Fusa
  • ekspressbuss mellom Os og Bergen
  • trygge skulevegar
  • fleire sykkelvegar
  • at vedlikehald og sikring av eksisterande vegar blir prioritert framfor nye dyre og miljøskadelege prosjekt
  • at ferjefri E39 blir ført fram via indre trasé

Fritid, idrett og kultur

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • eit variert lags- og organisasjonsliv
  • eit mangfald av aktivitetar og kulturtilbod for alle
  • ei styrkt satsing på kulturskulen
  • å fremma nye talent i kultur og idrett
  • å få større aktørar og arrangement til Bjørnafjorden
  • fleire kommersielle produksjonar i Oseana

Handel og reiseliv

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • eit familievennleg og levande Os sentrum
  • å legga til rette for handel med lokal mat
  • trivsel på kjøpesentera
  • aktiv småbåthamn og kulturhus
  • ta vare på og fremma kulturarven, t.d. Oselvarverkstaden og Holdhus stavkyrkje
  • Bjørnafjorden som reisemål
  • å skapa eit sjølvstendig regionsentrum

Ei berekraftig framtid

At noko er berekraftig, betyr at det kan oppretthaldast over tid – enten vi snakkar om klima, natur eller miljø. Nye prosjekt må bygga på FN sine berekraftsmål, slik at aktivitetane våre er konstruktive. Det miljøet vi etterlèt oss, blir då betre enn det vi starta med.


Natur og miljø

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • å organisera land- og strandrydding
  • å bygga ut gjenbruksstasjonane for å forenkla opp- og resirkulering av materiale
  • fleiralderskogbruk i kommunal skog
  • å sjå arealplanen i samanheng med naturmangfald og artsmangfald av dyr og plantar
  • å freda meir artsrik skog i kommunen, til dømes regnskog
  • grøne lunger i kommunesentera
  • bevaring av naturen rundt Oselvo

Grønt skifte og energiøkonomisering

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • at kommunen skal gå føre i det grøne skiftet med mål om nullutslepp innan 2030
  • strenge krav til energieffektivisering i kommunale bygg
  • kommunale ENØK-tiltak
  • solenergianlegg på kommunale nybygg og ved rehabilitering
  • å gjera det enklare for private og bedrifter å legga solceller

Berekraft i bygg og innkjøp

Bjørnafjorden Venstre vil arbeida for:

  • strenge miljøkrav ved kommunale bygg, ved rehabilitering og i innkjøp, med 30% miljøvekting ved kommunale anbod
  • meir resirkulering av materiale og varer i innkjøp og nybygg

Bjørnafjorden Venstre sine kandidatar:

Ole Reinert Berg-Olsen, 1. kandidat

Eg har fire hjartesaker eg vil jobba ekstra for, og som eg meiner er viktige for å skapa betre levevilkår for innbyggarane i Bjørnafjorden.

  1. Gode oppvekstvilkår – Skule, fritidsaktivitetar, arenaer og tilbod for å unngå utanforskap blant unge.
  2. Næring – Kommunen må leggja til rette for dei som vil skapa arbeidsplassar. Både gründerar og større bedrifter som vil etablera seg her, må oppleva at det er gjennomførbart og velkome. Dette vil gje auka aktivitet og skapa store verdiar i kommunen.
  3. Kultur – Livet er fattigare utan eit rikt kulturliv og kulturopplevingar som gjer det meir attraktivt å bu i kommunen vår.
  4. Miljø – Bjørnafjorden må vera ein berekraftig kommune som baserer sine val på faktakunnskap om klima- og miljøspørsmål.
Profilbilde av Linda Bolstad Strønen

Linda Bolstad Strønen, 2. kandidat

Som 2. kandidat for Bjørnafjorden Venstre ønskjer eg å bidra til ein berekraftig vekst i kommunen som gjer det til ein bedre plass å bu, og der ein lyttar til innbyggarane.

Eg vil jobba for ein inkluderande kommune med gode kulturtilbod, trygg oppvekst og verdig omsorg. Ein kommune med fokus på næring og gründerar som gir både varierte og trygge arbeidsplassar. Ein kommune som tek vare på miljøet, tenker langsiktig og er uredd for å ta stilling og markera seg som ein framgangskommune.

  1. Ole Reinert Berg-Olsen, 1982
  2. Linda Bolstad Strønen, 1984
  3. Olav Lønheim Tveitnes, 1978
  4. Ane-Ingeborg Bakken-Simsø, 1987
  5. Kristian Notland Harnes, 1984
  6. Astrid Dale, 1953
  7. Maja Sandvik Olsen, 1989
  8. Bram Timmermans, 1981
  9. Arild Hjemdal Heggland, 1967
  10. Vegard Strønen, 1988
  11. Anne Irgens-Hagevik Hatlevik, 2005
  12. Torodd Kinn, 1967
  13. Henrik Johannessen, 1976
  14. Frida Fredriksen Stang, 2005
  15. Anne Elisabeth Røttingen, 1957
  16. Håvard Haugland, 1974
  17. Helge Kjellevold, 1949
  18. Lene Kristin Notland Harnes, 1985
  19. Ståle Nordås, 1981
  20. Arnljot Berge Stang, 1961
  21. Tore Rykkel, 1957
  22. Ragnhild Holmefjord, 1953
  23. Margrethe Håvarstein, 1951
  24. Torjus Egge Døsen, 1984
  25. Egil Haugland, 1947
  26. Sveinung Stensletten, 1960

Les våre innlegg