Legevaktsaka må avklarast

- Venstre vil fremme forslag om en statlig medfinansiering på 5 mrd. kr. for å få fart på samlokalisering og bygging av lokalmedisinske sentra og opprustning av legevaktene, sier Ketil Kjenseth. , Foto: Dreamstime.com

Lesarinnlegg på trykk i avisa “Hordaland” frå Venstre-representantane Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås:

Denne veka mottok alle kommunestyremedlemer i Voss Kommune eit langt brev frå dei to tillitsvalde legane Ottar Fjose og Rønnaug Een.

Innhaldet skisserte i korte trekk eit samandrag av prosessen med å utforma avtalen som skal på plass for å starta opp den nye interkommunle legevakttenesta.

I tillegg prøver dei å formidla sitt syn på det dei kjenner som ei aukande og alvorleg uro over omdømmet til kommmunalavdelinga for helse og sosialtenester i Voss Kommune, og meiner dette m. a. også har ført til rekrutteringsproblem – særleg innan legetenester/-stillingar.

Ved fleire høve siste året har Voss Venstre formidla uro over at avtalen vedr. IKLV ikkje har kome på plass, m. a. ved lesarinnlegg i «Hordaland» , ope brev til ordføraren, spørsmål i LEV og FPL fleire gonger. Kvar gong har ordføraren svara at det ikkje hastar med avklaring fordi me har ei godt fungerande legevaktteneste inntil ei ny ordning kjem på plass! Han har også uttalt at sonderingane – som no er «heva opp « på politisk nivå – må få ta den tida det treng , og at partane i må få ro til å arbeida utan innblanding frå presse og/eller andre inntil vidare.

Me har snakka med representantar frå potensielle samarbeidskommunar , sett i pressa at kommuneoverlegane i dei respektive kommunane har klare standpunkt vedr. bemanning, lese med bekymring på brev frå Underutval for akuttmedisin og beredskap i Voss Sjukehusområde.

(Foto: Dreamstime.com)
(Foto: Dreamstime.com)

Den tilsynelatande avventande og avslappa haldninga til ordføraren i Voss Kommune stemmer dårleg overeins med stemninga i dei involverte kommunane og Underutval for akuttmedisin og berdeskap i Voss Sjukehusområde.

Voss Venstre har heile tida teke standpunkt til bemanning i det nye interkommunale legevaktdistriktet : 2 legar på vakt frå kl 16-23 og 1 lege frå 23 – 08. Likeeins fastløn. Dette er heilt i trå med Norsk kompetansesenter for legevaktmedisin sine konklusjonar. Denne ordninga vil føra til oml. kr 800 000 i meirutgifter utover dagens nivå – fordelt på alle 5 kommunane.

Dette meiner Voss Venstre er rimeleg å betala for forsvarleg legevakttenester for innbyggjarane i dette store legevaktdistriktet, og for god beredskap heile døgnet. Voss Venstre fremma dette i KST i juni 2014, med full støtte frå Voss Høgre, Voss Frp, Voss Krf og og Voss Rødt.

Som kjent vart saka utsett heilt i slutten av sakshandsamingsprosessen , då kommunalsjef for helse og sosialtenester og rådmannen opplyste at meirkostnadene ville utgjera oml. 3 millionar – utan å gjera greie for korleis dei kom fram til dette talet.

I ettertid er det antyda at det truleg var det skilnaden på adm. sitt forslag ( 1 lege på vakt og stykkprisfinansiering) og noverande fastlønsordning + kr 800 000.-

Det er difor med glede me no les at ordføraren i ein kommentar til siste brevet frå dei tillitsvalte legane Fjose og Een – og etter at han nyleg har vore i møte med m.a . ordførarane i dei aktuelle samarbeiskommunane – vil setja dette som høgste prioritet, og vil få det opp til politisk handsaming i KST i løpet av april! Her framstår han med heilt motsatt framtoning enn tidlegare! Velkomen etter!!

 

Knut Olav Nestås leiar i Voss Venstre

Jorunn Ytrefjord Venstre sin representant i LEV

Lesarinnlegg på trykk i avisa ”Hordaland” i førre veke

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**