Kvangarsnes toppar den nye vallista

1. kandidat, Foto: Fjaler Venstre

Hogne Kvangarsnes er nominert på 1. plass på Fjaler Venstre si liste til haustens kommuneval. Han tar dermed fatt på sin sjuande periode i Fjaler kommunestyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

“Ettersom dei andre i den noverande gruppa ikkje tar attval, takka eg ja til fire nye år”, seier Kvangarsnes i ein kommentar.

“Erfaring og kontinuitet er viktig i det politiske arbeidet. Dessutan går vi inn i ein spennande periode der arbeidet med den nye kommunal- og regionalmeldinga vil stå i fokus. Ny kommunestruktur medfører nye samarbeidsformer og blir i ei utfordrande og krevjande sak å jobbe med. Eg gler meg til å ta fatt på denne saman med ei ny og stor Venstre gruppe. Den nye vallista ser svært god ut, med mange dyktige og samfunnsengasjerte kandidater”.

Kvangarsne er den einaste som er kumulert. Lista til Fjaler innheld 29 kandidatar – med eit spenn frå 20 til 70 år. 15 av kandidatane er kvinner og 14 er menn.

På andre plass er fylkesleiar Gunhild Berge Stang nominert. Ho er også 1. kandidat til fylkestingsvalet. Dessuten er ho 1. vara til Storting.

Richard Skår er satt opp på 3. plass. Fødd og oppvaksen i Korssund og no busett i Dale. Arbeider idag med Vasskraft hjå Brødrene Dahl.

Den samla lista ser slik ut:

  1. Hogne Kvangarsnes, 6968 Flekke
  2. Gunhild Berge Stang, 6963 Dale i Sunnfjord
  3. Richard Skår, 6963 Dale i Sunnfjord
  4. Ingunn Eiken, 6963 Dale i Sunnfjord
  5. Arne Osland, 6968 Flekke
  6. Anne Erstad – van der Vlugt, 6964 Korssund
  7. Yngve Åsnes, 6969 Straumsnes
  8. Sølvi Ann Solheim Løkkebø, 6963 Dale i Sunnfjord
  9. Svein-Erik Hansen Helle, 6963 Dale i Sunnfjord
  10. Laila Svorstøl, 6967 Hellevik i Fjaler
  11. Ståle Brattelid, 6963 Dale i Sunnfjord
  12. Marte Haugsbakk, 6968 Flekke
  13. Tarjei Nitter, 6963 Dale i Sunnfjord
  14. Solbjørg Samdal, 6968 Flekke
  15. Christoffer Stølen, 6967 Hellevik i Fjaler
  16. Liv Sandsund, 6963 Dale i Sunnfjord
  17. Frank Igelkjøn, 6968 Flekke
  18. Evy Solheim, 6963 Dale i Sunnfjord
  19. Jonny Pedersen, 6968 Flekke
  20. Anne Overdevest, 6963 Dale i Sunnfjord
  21. Harald Norddal, 6963 Dale i Sunnfjord
  22. Ellen Høiseth Eiken, 6967 Hellevik i Fjaler
  23. Lesley Wilson, 6968 Flekke
  24. Atle Lyngstad Ness, 6963 Dale i Sunnfjord
  25. Ingvild Søgnen, 6963 Dale i Sunnfjord
  26. Lesley Robertson, 6968 Flekke
  27. Terje Sætenes-Høivik, 6963 Dale i Sunnfjord
  28. Ragnhild Berger Follevåg, 6968 Flekke
  29. Gudmund Solheim, 6963 Dale i Sunnfjord
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**