Solid liste for Naustdal Venstre

Magnhild Runde - ordførarkandidat for Naustdal Venstre (Foto : Naustdal Venstre)

Runde-Ekerbakke-husaboe

Frå nominasjonsmøtet til Naustdal V. F.v. : Nr. 1, 2 og 3 på lista. Magnhild Runde, Berit Ekerbakke og Eivind Standal Husabø.

Naustdal står framfor utfordrande tider. Kommunevalet hausten 2015 kan komme til å bli det siste der innbyggarane i Naustdal åleine avgjer samansetjinga av kommunestyret. Kampen mot bruken av fjorden som avfallsplass er ikkje over, og uansett utfall i engebøsaka er det viktig at Venstre er sterkt representert i kommunestyret og kan fortsette kampen for ein levande fjord.

Det skjer og har skjedd mykje i Naustdal dei siste åra. Vi kan sjå at samfunnet endrar seg i dalen, sentrum og fjorden – på godt og vondt. Naustdal Venstre vil føre ein ærleg og open politikk. I ein kommune med låge inntekter, stor gjeld og stort investeringsbehov må vi til tider gjere upopulære prioriteringar. I den vanskelege saka om skulestruktur, som har pågått i fleire år, tok vi ei vanskeleg avgjerd og sa i frå om vårt standpunkt i god tid før førre val. Dette gjorde vi av respekt for veljarane.

I dei neste fire åra vil mykje handle om kommunereforma og korleis vi skal få til eit velfungerande lokaldemokrati innanfor ein ny storkommune, samt korleis nye oppgåver og ansvarsområder kan handterast for å sikre gode tenester for alle. Vi i Venstre har i heile inneverande periode vore opptekne av innhaldet i tenestene, og korleis kommunen kan arbeide på smartare måtar og på lag med fagfolka og brukerane. Dette vert ikkje mindre viktig når storkommunen vert realisert.

Naustdal Venstre har også fokusert på at sentrumsutbygginga skal vere forankra i ein heilskapleg idé om fortetting, variert tenestetilbod og bygningar som eitt for eitt og samla framstår med eit framifrå arkitektonisk uttrykk. Dette har vi óg fått vedteke. Urbaniseringstakta i Noreg er høg. Nær 80 prosent av innbyggarane bur i tettstadar. Sogn og Fjordane har lenge vore annleisfylket med stor del av busetnaden i spredtbygde strok, men dette har endra seg og vi vil sjå ei utvikling der befolkningsveksten skjer i og rundt dei større sentra. Ein anna og samanfallande trend er dei negative vekstprognosene for talet barn og unge. Det er derfor særs viktig å skape eit attraktivt og inkludereande sentrumsmiljø som tiltrekker dei unge.

Venstre stiller til valet med ei «ung» liste. Snittalderen er 40 år, kvinneandelen er nær femti prosent og vi har to unge kvinner med høg utdanning på topp, ein innflyttar og ein tilbakeflyttar. Vi har og ein røynd kar på tredjeplass som i mange år har arbeidd med å stimulere unge til entreprenørskap. Dette er våre toppkandidatar:

Magnhild Runde

Magnhild er fødd og oppvaksen i Naustdal, og har kome tilbake etter å ha budd i inn- og utland ei rekke år. Som mor til skuleklar gut, og utdanna lærar, er ho oppteken av barnehage, skule og eit godt oppvekstmiljø og -tilbod for barn og unge. Ho vil ha eit levande og attraktivt sentrum som legg til rette for etablering av små og mellomstore bedrifter. For å få ei god sentrumsutvikling, meiner ho at vi må ha klåre tankar om korleis Naustdal sentrum skal sjå ut og fungere best mogleg. Samtidig må vi ikkje gløyme innbyggarane som er i ein annan fase av livet. Magnhild meiner at Naustdal kommune òg må sikre best mogleg tilbod for dei eldre i kommunen, både dei som bur i eigne heimar og dei som bur på institusjon. Våre eldre i Naustdal har mykje kunnskap som dei har tileigna seg opp gjennom livet, noko som Naustdal kommune bør dra meir nytte av.

Magnhild ser Naustdal kommune i ein heilskap der dalen, sentrum og fjorden kan dra nytte av kvarandre. Vi har mykje jordbruksareal å ta vare på, og ho vil legge til rette for å vidareutvikle lokal matvareproduksjon og oppmuntre til økologisk jordbruk. Magnhild er òg oppteken av natur og miljø, og meiner at Førdefjorden ikkje kan nyttast som dumpingplass for gruveavfall. Ho vil at Naustdal kommune skal framstå som ein “grøn kommune” der kommunene sjølv kan gjere mange små grep med positiv innverknad.

Berit Ekerbakke

Berit er frå Valdres og flytta til Naustdal i 2001 etter å ha studert m.a. geografi, historie og statsvitenskap. I dag arbeider ho som lærar på Hafstad vgs i Førde.

Ynskje om å vere med på å påverke lokalt er motivasjonen for å stå på lista til Naustdal Venstre. Den viktigaste saka for ho denne perioden er å hindre at Førdefjorden blir ein avfallsplass. Andre saker som er viktige for ho, er at barn og unge har gode oppvekstvilkår, at kommunen er godt budd på eldrebølgja og å legge til rette for at folk skal få lyst til å bu i Naustdal. Ikkje minst er kommunereforma viktig i komande periode

Eivind Standal Husabø

Eivind er innflyttar frå Leikanger i Sogn med ei mellomlanding i Førde i 19 år. Han er oppteken av bærekraftige og levedyktige lokalsamfunn. Tilrettelegging for næringsutvikling, innovasjon og nyskaping for små og mellomstore bedrifter er ei av hans hjartesaker. I tillegg er han, som tidlegare lærar, oppteken av barnehage og skule. Han meiner det er viktig å sjå heile utdanningsløpet under eitt og skape gode villkår for utvikling og samarbeid i utdanningssektoren. Eivind er klar i sitt standpunkt mot sjødeponi. Han er for næringsutvikling, men ikkje for einkvar pris.

Her er lista til Naustdal Venstre for kommunevalet 2015 :

1 Magnhild Runde 1979
2 Berit Ekerbakke 1977
3 Eivind Standal Husabø 1963
4 Øystein Garfors 1976
5 Kjersti Garfors 1985
6 Runar Tengel Hovland 1977
7 Frode kaasen 1980
8 Olaug Anne Helle 1958
9 Jan Roger Høgelid 1976
10 Monika Birkelid Vårdal 1994
11 Roy Jarle Sæle 1968
12 Kenneth Røsandhaug 1972
13 Benedicte Bjarnoll Grønli Garfors 1977
14 Eirik Sørheim 1973
15 Anne Merete Ruskedal 1969
16 Torbjørn Os 1969
17 Ingeborg Runde 1985
18 Stein Torald Vonen 1967

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**