Innspel til programmet vårt?

Bjarte Heggheim
Foto: Gloppen Venstre

Har du innspel til Gloppen Venstre sitt valprogram?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Gloppen Venstre er eit sosialt liberalt parti som vil prioritere ein ansvarleg kommuneøkonomi, fridom for den enkelte og ein skule for kunnskap og like moglegheiter. Vi ønskjer ein komune der vi tar vare på miljøet og på kvarandre.

Vi som bur i Gloppen har eit ansvar for å bidra til at kommunen er best mogleg rusta til å møte framtida, for å øevere dei tenester og tilbod vi treng i eit moderne samfunn.

Det er mange måtar å bidra på. Kanskje er du aktiv i idrettslaget eller i andre frivillige organisasjonar. Arbeider du i helsevesenet, er du bonde eller i privat næringsliv?`Alle bidreg vi på den eine eller den andre måten. Og nettopp du har erfaring og synspunkt på saker som bør settast på dagsorden.

Gloppen Venstre vil difor invitere deg til å kome med innspel på kva saker vi skal prioritere dei neste fire åra i Gloppen. Ta gjerne kontakt med leiar i programnemda, Peder Lofnes Hauge ([email protected] // 95122689 ) eller andre i partiet for å fremje dine saker. Førebels utkast til program finn du HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**