Gunhild Berge Stang først på fylkeslista

Fylkesleiar Gunhild Berge Stang, Foto: Sfj Venstre
Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat
Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat

Gunhild Berge Stang frå Fjaler toppar Sogn og Fjordane Venstre si liste til årets fylkestingsval. Dette er første gong ein Venstre-politikar frå Fjaler er nominert som 1. kandidat til eit fylkestingsval.

 

Berge Stang er også den einaste politikaren frå heile Hafs-regionen som er nominert på det som kan kallast sikker plass til årets fylkesval – kanskje med unntak av Tore Langeland frå Askvoll som er 2. kandidat på Krf si liste. Med full mobilisering i valkampen og eit godt valresultat i ryggen, vil Gunhild også få plass i det svært viktige fylkesutvalet.

 

Gunhild Berge Stang er 41 år gammal – og fødd og oppvaksen i nabokommunen Askvoll. Sist sommar gjorde ho fjalerbu av seg då ho flytta til Dale saman med ektefelle og tre barn. Ho er utdanna arkeolog og har til dagleg arbeidet sitt i Førde på kulturminneavdelinga til fylkeskommunen.

 

Gunhild er ei usedvanleg aktiv og samfunnsengasjert kvinne. Ho er for tida fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre og medlem av Venstres landsstyre. I tillegg er ho første vara til Stortinget der ho stundom møter for stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn. Gunhild har også vore leiar av Noregs Ungdomslag, og har bak seg ein periode som lokalpolitikar i Askvoll kommunestyre.

 

Med tanke på den komande valkampen er siste meiningsmålinga som blei offentleggjord i Bergens Tidende 14.april, oppløftande lesnad. Her får Venstre 8,2% – noko som gir 3 mandat i fylkestinget og normalt sikker plass i fylkesutvalet. Men det blir hard kamp om mandata. Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal nemleg reduserast frå 39 til 31 representantar etter valet.

 

Dei ti fremste på Sogn og Fjordane Venstre si fylkestingsliste:

 

  1. Gunhild Berge Stang, Fjaler
  2. Marianne Øren, Lærdal
  3. Klaus Iversen, Vågsøy
  4. Daniel Gangeskar, Vågsøy/UV
  5. Alfred Bjørlo, Eid
  6. Trude Risnes, Leikanger
  7. Sindre Roska, Førde
  8. Vigdis Tonning, Flora
  9. Terje Horvei, Aurland
  10. Kåre Jarl Langeland, Bremanger

Anne Erstad van der Vlugt frå Fjaler er nominert på 23. plass.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**