Sykkelplan på plass

Sykkelmannen

I samband med vedtak om rullering av kommuneplan for 2015-2026, har Voss kommune endeleg fått eigen plan for sykkeltrafikk!

Satsing på samanhengande gang- og sykkelvegar og eit eige planverk for sykkeltrafikk har vore ei viktig sak for Voss Venstre i fleire år. Me er derimot ikkje nøgde med å få på planen på plass åleine; med ein plan vedtatt handlar det no om å koma i gang med tiltaka!

Voss kommune vil etter alt å dømma oppleva ein god folketalsauke dei neste tiåra. Det set nye krav til politikarar og administrasjon som skal leggja til rette for ei god framtidig utvikling. Målet må vera å oppnå folketalsvekst, samtidig som ein greier å ta den trafikale veksten gjennom klima- og miljømessig gunstige løysingar. Slike løysingar inneber tilrettelegging for at det skal bli enklare og meir freistande anten å ta beina fatt, bruka sykkelen eller nytta kollektive transportmiddel.

Men sykkeltrafikk handlar om meir enn klima. Aukar me sykkelandelen slår me òg eit slag for folkehelsa og eit reinare og friskare nærmiljø. I tillegg sørgjer me for at dei som kjem langvegs frå og som skal til Vossevangen, framleis kan ta bilen med godt samvit og samtidig sleppa dårleg trafikal avvikling i sentrumsområdet.

Sykkelplanen kan vera eit steg i riktig retning av å skapa gode trafikale løysingar i og rundt sentrum, men er opplagt berre ein liten del av puslespelet vidare. No er resten opp til politikarar, vegvesen og administrasjonen i Voss kommune. Me i Venstre vil gjera det me kan for at mest mogleg av trafikkveksten i framtida, er så miljøvenleg som mogleg!

Frå grøn horisont, til grøn kvardag.
Frå grøn horisont, til grøn kvardag.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**