Invitasjon til medlemsmøte

Foto: Morten Skåningsrud

Bærekraft Suldal Venstre har med dette gleda av å invitere deg til medlemsmøte på kommunehuset, onsdag 3.juni 2015 kl.19.00.

Leiar i programkomiteen, Nils Bjarne Vold, vil presentere komiteens utkast til program for perioden 2015 – 2019.
Me vonar flest mogleg har høve til å koma, slik at me får ein god diskusjon omkring viktige tema som kommunestruktur, skule, helse, kultur , miljø og næringsliv. Du vil vere med å påverke korleis det endelege programmet skal sjå ut.

SETT AV KVELDEN FREDAG 5.JUNI KL.19.00
Då møtast me på Vikane Hyttetun for god mat og hyggeleg lag. Ta med badetøy viss du vil.
Her vil du få høve til å møta 1.kandidat til fylkestingslista, Anja Berggård Endresen. Ho vert også med på stand på Ryfylkedagane, laurdag 6.juni.

På grunn av matservering vil me gjerna ha beskjed om du kjem til Vikane den 5.juni. Send ei melding til Nina (90 99 63 24) eller Eskil (41 14 66 31).

Me gler oss til å sjå deg

Beste helsing frå styret

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**