Spørsmål frå Fjell Venstre om busetjing av flyktningar

Tore Turøy, Foto: Hordaland Venstre

I kommunestyremøtet i går stilte Tore Turøy frå Fjell Venstre følgjande spørsmål til ordføraren om busetjing av flyktningar:

“I siste kommunestyremøte gjorde vi vedtak om å busetje 63 flyktningar i 2015 og 53 i 2016.

Eg ser at det kjem opp ei sak om dette i neste møte i KD, men eg registrerte også at ordføraren var på fjernsynet og fortalte om at vi her i Fjell allereie var i gang med å skaffe bustader til nye flyktningar.

Kan ordføraren orientere oss om kva som er gjort og kva planar vi har framover for å klare å innfri vedtaket?”


Svaret frå ordføraren var at ho hadde gått ut til innbyggjarane med oppmoding om at dei som har ledig husvære måtte melde det inn til kommunen. Responsen på oppmodinga har vore god, og kommunen går no rundt og undersøkjer om dei aktuelle husværa er egna til formålet. Kommunen er også i kontakt med fylkesmannen for å avklara finansiering. Noko fullstendig kartlegging over kor mange husvære som kan disponerast, hadde ho ikkje enno. Det ville ho kome tilbake til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**